FEKK MOTORHAVARI: Fartsgrensa i Bømlafjordtunnelen vart ei periode sett ned sundag grunna ein bil med motorhavari. Arkivfoto. Foto: Håvard Hammarstrøm

Fekk motorhavari i tunnelen

Sundag ettermiddag kom det inn melding om røykutvikling i ein bil som stod i Bømlafjordtunnelen.

Meldinga kom inn til politiet klokka 1535. Bilen skal då ha stått om lag 100 meter inn i tunnelen frå Stord-sida. Kort tid etter vart det meld at at det dreidde seg om motorhavari, og at det ikkje lenger var snakk om røyk frå bilen. Politiet opplyste at bilen stod i høgre køyrefelt, og at trafikk kunne passere i begge retningar. Fartsgrensa vart mellombels sett ned medan ein venta på bergingsbil. Kort tid etter var bergingsbilen på plass, bilen fjerna og trafikken kunne igjen gå som normalt.