Ferje Langevåg: Arkivfoto Foto: Ingvild Sjo

Ferjesambandet opna igjen

Ferjesambandet Langevåg-Buavåg starta opp igjen klokka 19 etter å ha vore stengt sidan klokka 1630, men vart igjen stengt klokka 1930. Siste frå Fjord1 er at sambandet opna igjen for normal trafikk klokka 2100.

Årsaka til at sambandet vart stengt var dårleg vêr. Like før klokka 19 melde Fjord1 at sambandet starta opp igjen med normal drift med første avgang blir frå Langevåg klokka 19.

Klokka 1930 melde reiarlaget at sambandet vart stengt igjen grunna dårleg vêr, men like før klokka 21 kom det ny melding om at det skulle vera normal drift i sambandet frå klokka 21 med første avgang frå Langevåg.

Les også
Oppdatering frå Fjord1 om Langevåg-Buavåg