GLEDE: Ei oppløfta 17.mai-feiring bakpå denne amerikanske pickupen med flagg og hår vaiande i vinden. Foto: Nils-Tore Sele

Flott feiring med bilkortesje

Flotte bilar og norske flagg. Sjå bilete frå kortesjen som Bømlo Amcar-klubb arrangerte på 17.mai.

Mange tilskodarar hadde plassert seg langs vegen for å sjå den lange rekka av fint pynta bilar som tok del i bilkortesjen til Bømlo Amcar-klubb 17.mai.

I denne artikkelen kan du sjå biletserie med glimt frå bilane som var med. Bileta er tekne fleire stader langs ruta for kortesjen. Mellom anna på Kuleseidkanalen, i Rubbestadneset og Langevåg.