MÅ BRUKA PENGAR PÅ GAMLEVEGEN: – Det er forståeleg at det ikkje skal brukast mykje pengar på den gamle vegen når ny vert bygd, men tilstanden på den gamle mellom Grutle og Hidle er så dårleg at det ikkje er forsvarleg. Her må tiltak setjast i verk, seier politikar Ove Halleraker. Foto: Nils-Tore Sele

– Her må det gjerast tiltak

Lokalpolitikar Ove Halleraker krev asfalt på gamle fv 541 der ny veg blir bygd mellom Grutle og Hidle. – Vegdekket er øydelagt og smuldrar opp. Folk øydelegg bilane sine med å køyra på vegen, seier han.

På utval for areal og samferdsle på onsdag tok Ove Halleraker (Uavh) opp standarden på gamle fv 541 i området mellom Grutle og Hidle.

– Eg har blitt kontakta av mange som har bede meg om å ta opp vegstandarden på denne vegen. Han er veldig dårleg, humpete og prega av oppsmuldra og sårete asfalt. Medan ny veg vert bygd i område, må den eksisterande vera i ein slik stand at han kan brukast, og ikkje slik han framstår no. Dette er framleis ein hovudveg på Bømlo, som blir brukt av mange fram til den nye er ferdig, seier politikaren til Bømlo-nytt.

DJUPE SÅR: – Entreprenøren må få beskjed om å asfaltera der asfalten er dårleg på gamlevegen, seier Ove Halleraker. Her eit foto frå toppen av Liarebrekka, mellom Våge og Lykling. Foto: Nils-Tore Sele

– Det går an å forstå at når ny veg vert bygd, skal ein ikkje bruka mykje pengar på den gamle, men standarden er så dårleg at noko må gjerast, meiner Halleraker.

– Eg meiner at ordførar eller kommuneadministrasjonen må ta kontakt med Statens vegvesen og krevja at entreprenøren som byggjer ny veg gjer tiltak for å betra standarden på den gamle i anleggsperioden. Avtalen om bygging av ny veg må innehalda eit punkt om dette, eg kan ikkje forstå anna, seier Halleraker.

BER KOMMUNEN ENGASJERA SEG: Ove Halleraker (Uavh.) ber kommune engasjera seg. Foto: Nils-Tore Sele

– Kva må gjerast?

– Vegen må reparerast der han er dårleg. Trafikken er stor på vegen, og eg har sjølv fleire gongar opplevd kor dårleg standarden er når me køyrer utrykking sørover. (Halleraker er brannsjef på Bømlo, red.merk.) Då ristar og skramlar det meste i bilen, så eg forstår godt at dei som brukar vegen dagleg er redd for at bilane deira blir øydelagt av vegen, fortel Halleraker.

Konstituert teknisk sjef Elisabeth Gjerde sa at kommuneadministrasjonen skal frambringa Halleraker sitt innspel til vegavdelinga i Vestland fylkeskommune.

SMULDRAR OPP: Sår i asfalten. Den gamle fv 541 smuldrar opp mellom Grutle og Våge medan ny veg blir bygd. Foto: Nils-Tore Sele
Les også
Framleis full drift på veganlegget