UVÊR: Dei to siste avgangane i sambandet Langevåg-Buavåg vart innstilt torsdag kveld. Her er "Bømlafjord" på veg til Buavåg. Det er venta at ferja går som normalt fredag morgon. Foto: Nils-Tore Sele

Innstilt grunna uvêr

Det vart ikkje noko av dei siste avgangane i ferjesambandet Langevåg-Buavåg i kveld grunna dårleg vêr.

Ferjesambandet Langevåg-Buavåg vart torsdag kveld innstilt grunna uvêr, melder Vegtrafikksentralen vest på twitter.

Ferjereiarlaget Fjord1 sende ut melding om dette klokka 20.43.

Det vert rekna med at ferjesambandet går som normalt, tidleg fredag morgon.