Køyrde 75 km/t i 50-sone

FARTSKONTROLL: Politiet har i dag hatt fartskontroll på Goddevegen. Illustrasjonsfoto Foto: Nils-Tore Sele

Politiet har i ettermiddag hatt fartskontroll på Goddevegen.

Sør-Vest politidistrikt melder om at det har vore fartskontroll på Goddevegen på Bømlo. Høgaste fart målt var 75 km/t i 50-sona der kontrollen gjekk føre seg. Fem bilistar fekk med politiet å gjera etter køyringa langs vegen, går det fram av twittermeldinga.