Politiet: Politiet Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv

Kvinne enda utfor vegen i bil

I grøfta på Fitjar.

Tidlegare i dag, hamna ein kvinneleg bilførar i 70-åra utfor vegen i bil. Ulukka skjedde langs E39 ved Levåg i Fitjar.

Ulukka hende før klokka 13. Naudetatane var snøgt på plass. Den kvinnelege bilføraren vart frakta til legevakt for sjekk av ambulanse, sjølv om ho tilsynelatande framstod som uskadd etter hendinga.

Rundt ein og ein halv time etter ulukka kom meldinga frå Sør-Vest politidistrikt på twitter om at politiet hadde tatt avhør av førar og vitne på staden. Sak blir oppretta. Vegen var då rydda og trafikken gjekk som normalt.