Skinande ny: N/A Foto: Geir Eiinarsen

Langevåg-Buavåg startar opp igjen klokka 16

Dei som har planar om å reise med ferjesambandet Langevåg-Buavåg i dag bør følgje ekstra godt med på trafikkmeldingane til Fjord 1.

Ferjesambandet har vore stengt delar av dagen sundag grunna vêrtilhøva, og reiarlaget melde like etter klokka 13 at ferjesambandet ville vera innstilt inntil vidare grunna vêret. I 15-tida kom ei ny melding om at sambandet var venta å starte opp igjen frå klokke 16. Ferjesambandet var også tidvis stengt fredag kveld. Då grunna tekniske problem.

Oppdaterte trafikkmeldingar finn ein på denne linken