Politiet stoppa morgonturen i bil
Kvinneleg bilførar sette seg bak rattet utan gyldig førarkort.
Like før klokka sju sundag morgon stoppa ein politipatrulje ein bil på vegen i leirviksområdet på Stord. Bak rattet sat ei kvinne i 40-åra. Det viste seg at bilføraren ikkje hadde gyldig førarkort. Dermed vart det stopp for vidare køyring. Politiet melder kvinna for å ha køyrd bil utan gyldig førarkort, går det fram av ei melding på twitter frå Sør-Vest politidistrikt.
#Stord kl. 0650 ble kjøretøy stanset for kontroll i område Leirvik. Kvinnelig fører i 40-årene blir anmeldt for kjøring uten gyldig førerkort.
— Politiet i Sør-Vest (@politietsorvest) March 28, 2021