Politiet: Utrykkingspolitiet stoppa rusa bilist. Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv

Ruskøyring på europavegen

Vart stoppa av patrulje frå Utrykkingspolitiet.

Sør-Vest politidistrikt melder på twitter at utrykkingspolitiet fredag kveld stoppa ein bilist i 40-åra på E 39, Ålfjordvegen i Sveio. Mannen verka å køyra bil i påverka tilstand, og vart teke med til legevakt for prøvetaking. Politiet tok førarkortet til bilisten, og sak blir oppretta.