SNAKKA POSITIVT OM HORDFAST: Knut Arild Hareide (KrF) på valmøte i oppvekstkommunen Bømlo for nokre år sidan saman med mellom andre stortingsrepresentant Magne Rommetveit (Ap) frå Stord. Også då vart samferdsle diskutert. Arkivfoto Foto: Nils-Tore Sele

Samferdsleministeren understreka at Hordfast er viktig

I eit videointervju med Bergen Næringsråd på fredag, sa samferdslestatsråd Knut Arild Hareide at Hordfast er ei samferdsle-utbygging med stor samfunnsmessig nytteverdi.

– Vestlandet med si store verdiskaping treng og fortener i åra framover sin del av store nasjonale samferdsleutbyggingar. Desse utbyggingane meiner eg må fordelast ut over landet, ikkje berre rundt Oslo, som planane om Intercity-bane. Bompengar er den viktigaste inntekta for Hordfast, og finansieringa vert god med at prosjektet avløyser så mange ferjesamband, sa Knut Arild Hareide (KrF) til Atle Kvamme i intervjuet med Bergen Næringsråd.

Håpar på fleire gode samferdsleprosjekt frå Vestland

– Samstundes har Vestland ei utfordring med rassikring av E 16. Så får me sjå korleis fordelinga av dei statlege midlane til desse prosjekta vert vert. No skal ikkje ny Nasjonal Transportplan vedtakast før i 2021, så det er enno tid att til å arbeida med dette for politikarane i Vestland,. Eg håpar på fleire gode samferdsleprosjekt frå vestlandspolitikarane, sa samferdsleminister Knut Arild Hareide (KrF) gjennom intervjuet, vist på facebooksida til Bergen Næringsråd.

Fryktar at sunnhordlandsregionen kan sjå sørover

På spørsmål frå Bergen Næringsråd om Vestland no må prioritera mellom Hordfast og rassikring langs E 16 mellom Bergen og Voss, sa statsråden at fylkespolitikarane måtte tenkja heilskapleg og tydeleg i sine vurderingar og prioriteringar.

Han slo fast at begge prosjekta er viktige, men indikerte at han ikkje syntest at det var ein god ide å setja rassikring opp mot Hordfast.

– Mine fagetatar er tydeleg på kor viktig samfunnsmessig Hordfast er, og då vil eg nok synast det er noko merkeleg om ein regionalt meiner noko anna, sa han.

– Viss Hordfast vert utsett, me veit jo at Rogfast kjem og stå ferdig før Hordfast, men om Rogfast kjem og Hordfast let venta på seg, er eg overtydd om at Sunnhordland vil orientera seg sørover mot Rogaland, sa Hareide om sine tankar rundt eit framtidig samferdsle-scenario i Vestland.