Bømlafjordtunnelen er stengt: Ein semitrailer med farleg last, som det ryk frå, er grunnen. Arkivfoto. Foto: Håvard Hammarstrøm

Semitrailer må bergast i Bømlafjordtunnelen

Bømlafjordtunnelen er stengt grunna tungbilberging. Uvisst kor lenge stenginga varer.

Vegtrafikksentralen vest melder no på twitter at ein semitrailer treng hjelp i Bømlafjordtunnelen på E39. Den undersjøiske tunnelen er no stengt i påvente av å få semitraileren ut derfrå. Ifølgje meldinga frå Vegtrafikksentralen vest er det uvisst kor lenge tungbilberginga vil ta før trafikken kan gå som normalt.

Siste utvikling er at trafikk blir sleppt puljevis gjennom, med redusert fartsgrense gjennom Bømlafjordtunnelen. Semitraileren står godt til sides inne i tunnelen slik at trafikk kan sleppast forbi. Vegtrafikksentralen vest oppmodar trafikk på staden til å køyra forsiktig forbi.

Ifølgje brannvesenet sin 110Sorvest-konto på twitter, kom det melding om røykutvikling frå semitrailer med farleg gods i Bømlafjordtunnelen, ca 1,5 kilometer inn frå Sveio-sida.

Det blei relativt tidlig avklart at det er vassdamp som er årsak til røyk, men mannskap køyrer fram for kontroll, går det fram av meldinga derfrå.