VIL HINDRA SMITTE: All manuell billettering vert stoppa dei neste vekene om bord på ferjer og snøggbåtar i Vestland fylke. Foto: Geir Eiinarsen

Stoppar all manuell billettering

Skyss/Kringom stoppar manuell billettering på ferje og båt.

For å avgrensa spreiinga av koronaviruset har Skyss/Kringom no innført stopp av manuell billettering på alle ferjer og båtar i Vestland fylke.

Tiltaket vil i første omgang gjelda frå i dag søndag ettermiddag til og med 22. mars.

–Me vil oppretthalde billettering som kan gjennomførast utan at det er kontakt mellom billettør og kunde, heiter det i pressemeldinga.

Skyss/Kringom jobbar med å finna alternative betalingsløysingar der det er behov.

– Skyss/Kringom er avhengig av billettinntektene for å oppretthalda kollektivtilbodet. Det er difor viktig at reisande tek ansvar og sørger for å skaffa seg gyldig billett, sjølv om nokre av salsmetodane blir stoppa, skriv Skyss.

Fjord1 skriv at dei stengjer all kiosk- og servering om bord i sine ferjer i fylket.