BRANNVESENET RYKKJER UT: Bømlo brann og redning rykkjer ut etter melding om trafikkulukke på Andalsvegen Foto: Håvard Hammarstrøm/Arkiv

Trafikkulukke i Andalsvegen

110-sentralen melder om trafikkulukke på Andalsvegen.

Brannvesenet melder om utrykking med mannskap frå brannstasjonane både på Langevåg og Bremnes. Det skal vera snakk om eit einsleg køyretøy med ein mannleg bilførar som har vore involvert i ulukka. Politiet er på staden og gjer undersøkingar.

Vakthavande i Bømlo brann og redning opplyser at det var snakk om eit trafikkuhell i eigen hage, der bilen sklei utfor ein skrent. Bilføraren skal ha fått foten i klem. Han er køyrt til sjukehus, får Bømlo-nytt opplyst.