STENGT: Trafikken i Bømlafjordtunnelen er no stengt grunna eit vogntog med motorstopp. Foto: Håvard Hammarstrøm

Vogntog og bil fekk stopp i Bømlafjordtunnelen

Vegtrafikksentralen vest melder no om at Bømlafjordtunnelen er stengt, etter å ha vore delvis open i kort tid. Nyleg kom meldinga om at tunnelen er opna

I den første twittermeldinga frå Vegtrafikksentralen vest heitte det at eit vogntog hadde fått stopp nede i Bømlafjordtunnelen. Tunnelen vart då stengt for trafikk.

Etter kvart kom meldinga om at politiet var på staden, og dirigerte slik at trafikk slepp puljevis gjennom tunnelen, gjekk det fram av ei melding frå Vegtrafikksentralen vest.

På twitter melder Sør-vest politidistrikt no at tunnelen er stengt att. Vogntoget står 300 meter før tunnelopninga i retning Sveio. No har også ein personbil fått stopp i tunnelen. Denne står 500 meter frå tunnelopninga i nord. Politiet er no på veg til denne motorstoppen.

Siste melding frå Vegtrafikksentralen vest er at tunnelen no er open for trafikk igjen, og har vore det ei stund.