MOT AUST: Nok snø, melder innsendaren av dette biletet som ser ut til å vera frå austsida av Bømlo, med utsyn til vindmøller mot klar himmel. Foto: privat

Send gjerne inn foto av snø

Bømlo er kvit og fin, og det er ikkje så ofte me har slike vêrforhold som no. Send gjerne inn foto til oss som har med snø å gjera, landskap, folk og dyr, så lagar me snøfotokavalkade.

Denne veka blir kvit, og då er det kjekt å få dokumentera korleis Bømlo ser ut med vinterkåpe på. Send inn bilete til oss, på Facebook, mail eller sms, så hengjer me dei på biletekarusellen under. Breiddebileta kjem, som de ser, mest til sin rett, for dei kjem på skjermen i sin heilskap.

Lapphunden Pirjo likar snø og poserer villig ved sida av snømann med gulrot. Foto: Johanne Teigelid
Vinter: N/A Foto: Judit S. Røksund
I Snøen på Hidle: Hesten Santano kosar seg i vintersola. Foto: Camilla Johnsen Kvernenes