Baadehuset: Mykje arbeid er lagt ned i å ta vare på og innreia Baadehuset som museum og restaurant. Foto: Geir Einarsen

Baadehuset - ei historisk perle

I 1848 var vårsildfisket på topp, og fleire titals tusen fiskarar brukte Espevær som base og landingsplass. Du kan ana stemninga dersom du besøkjer Baadehuset i sommar.

Same året som sildefiskeria var formidable, i 1848, kjøpte handelsmann Hans Jacob Baade Kjeholmane og fylte ut mellom dei slik at det vart èin tørr holme. På holmane stod det tre hus, eit mura eldhus, eit bakarhus og eit stort sjøhus med stover og saltbinge. I andre høgda var det ganehus med vindskur.

Hardt arbeid: Vitnar om hardt arbeid Foto: Geir Einarsen
"Nattmøbelet": "Nattmøbelet" på plass. Foto: Geir Einarsen

Baade bygde dessutan eit staseleg bustadhus, vegg i vegg med bakarhuset. Det nye våningshuset var heile 17 x 15 alen. Kjellarmuren i baadehuset er frå 1690 og er fire alen høg og 1,75 alen tjukk.

Baadehuset er godt teke vare på og er i dag innreidd som på Baade si tid. I tillegg har dei ei stor samling maritimt utstyr og reiskapar som vart nytta både heime og i jordbruket i tidlegare tider. Det gamle kjøkenet til Baade fungerer i dag som matsal og resepsjon. Huset kan leigast til åremålsdagar og anna og blir mykje nytta til videopresentasjonar og føredrag, står det å lesa på Stiftinga sine heimesider og på Bømlo kommune si nettside.

Eteplassen: Rustikk og fin etestad i Baadehuset. Foto: Geir Einarsen
Byssan lull: Barna låg trygt og godt i denne vogga. Foto: Geir Einarsen

For å komma deg til Baadehuset må du ta «Rose Express» frå Eidesvik til Espevær. Deretter må du over sundet med verdas første kabelferje som fylte 40 år i fjor. Tre i eitt der, altså: Kabelferje, museum og historieforteljing.

På loftet: Det er mangt og mykje interessant å finna på museumsloftet i Baadehuset. Foto: Geir Einarsen