EVOLAN: Mats Sæverud og Morten Haldorsen (f.v.) er to av dei frivillige som arrangerer EvoLAN. Foto: Lene Borgen Waage

Bli betre kjent med EvoLAN

2022 er frivilligheita sitt år. Gjennom heile året vil rådgivar for folkehelse og frivilligheit i Bømlo intervjue store og små lag og organisasjonar i kommunen vår for å bli betre kjent.

I løpet av snart ti år har EvoLAN samla nærare 1000 deltakarar til datatreff i Bømlo. Mats Sæverud og Morten Haldorsen er begge i styret og gler seg til å møta både deltakarar og frivillige i påska til det femtande EvoLANet.

Kva er eigentleg EvoLAN?

– EvoLAN er eit datatreff, men også ein sosial samankomst. Me har konkurransar frå scenen og ikkje minst blir det skapt mange gode venskap når ungdom i ulike aldrar med dei same interessene møtest.

– Det er ikkje så lett å sende ei melding og spørja om å besøka kvarandre; her kan ein berre kjøpe ein billett og bli med. Ein treng ikkje ha det kulaste utstyret for å bli med og me opplever at det å møtast er ekstra viktig no etter alle koronarestriksjonane.

Mange er med

Før, under og etter LANet er det også eit stort crew med frivillige som bidreg med rigging av bord, stolar og kablar.

– Me treng folk som er gode på å programmera, som arrangerer konkurransar og sponsorar som gir utstyr. Det er moro med ein organisasjon som berre har oppstått. Dei frivillige får masse erfaring i organisasjonsarbeid, samarbeid, stå på scene; ingen må noko og alle kan ta dei stega ein sjølv har lyst til.

Artikkelen held fram under annonsen.

Gaming er blitt meir akseptert

Mats Sæverud og Morten Haldorsen har vore med i store delar av dei ti åra EvoLAN har blitt arrangert. På desse ti åra har dei merka at gaming og LAN har blitt meir akseptabelt og at talentet dei unge har for spel har blitt større: No kjem både idrettslag og andre til oss og vil samarbeida om å arrangera ting. Me ser òg at dei som blir skikkeleg gode er topptrente folk: Ein brukar mykje hjerne og sansar med speling, men må også vera i god fysisk form for å klara å hevda seg på toppnivå.

Har de ei oppfordring til lag og organisasjonar i Bømlo?

– Tør å feile – tør å gjera det andre ikkje gjer! Då me starta var det å arrangera LAN for 100 ungdommar nytt. Mange har flytta på seg i løpet av pandemiåra – Det er både folk og interesser som ikkje har vore på Bømlo før som no er her. Og til sist: Me er heldige i Bømlo som har gode bedrifter som gir sponsormidlar til organisasjonar. Skal du starta med noko nytt: Snakk med bedriftene, då får dei ei forståing for det ein skal gjera og stiller opp med støtte.