REDDA: Kompis er ein av mange kattar som har blitt berga gjennom Kattegruppa i Bømlo. Foto: Norunn Jensen

Bli betre kjent med Kattegruppa i Bømlo

Ikkje overraskande er det ein nøgd katt som først møter oss hjå leiaren for Kattegruppa, Norunn Jensen. I spalta om frivilligheita blir me denne veka betre kjent med ein dyrevernorganisasjon i Bømlo.

Kattegruppa i Bømlo har eksistert sidan 2006 og er ein dyrevernorganisasjon som hjelper heimlause og forvilla kattar, og spreier kunnskap om kattens behov og eit ansvarleg kattehald.

«Me jobbar mykje via Facebooksida vår. Eigarar spør om folk har sett kattar og observante folk som bryr seg melder frå når dei har sett ein sakna katt», seier Norunn Jensen.

Friske og tamme kattar utan eigar kan omplasserast, men dessverre gjeld ikkje det alle.

«Saman med dyrlegen må me vurdera om ein katt er tam og frisk, dessverre er det ikkje alle kattar me kan redda», fortel Jensen.

Grasrotdelen betyr mykje

Dei viktigaste kostnadene for organisasjonen er nettopp dyrlegekostnadene. Og her er Kattegruppa takksame for at alle som spelar kan velje seg ein organisasjon som får ein del av innsatsen det blir spelt for:.

«For å kunne hjelpe kattane er det viktig å få dekka kostnadane til mellom anna dyrlege. Her er grasrotandelen veldig viktig; den gir oss gode inntekter» seier Norunn Jensen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ikkje overlat katten til seg sjølv når sommaren kjem!

Alle kattar som kattegruppa har med å gjera blir steriliserte. Ein viktig del av arbeidet for kattegruppa er også å spreia kunnskap.

«Det er utruleg viktig at folk steriliserer kattane. Kattungar er verkeleg utruleg skjønne, men det blir fort alt for mange kattar. Dei siste åra verkar det som at folk har blitt flinkare til dette, og då blir det færre kattar som brått manglar heim.»

I desse dagar er det likevel også ein del kattar som risikerer å møta stengt dør, om eigarane reiser vekk utan ein god plan. Og her er Norunn Jensen si oppfordring klar.

«Ein må ikkje reise frå katten og overlata den til seg sjølv. Dei som er så heldige å ha ein god nabo, kan la kattane vera heime. Skal ein på hytta eller vera på den same staden heile tida, kan pus vera med. Men om ein stadig er på farten blir det stressande for katten å vera med og faren for å mista pusen er stor. Då må ein få nokon til å passe katten.»