annonse

Bømling på Farmen

Med på «Farmen»
Med på «Farmen»: Vivian Kvarven (47) er med i Farmen 2019 (Foto: Espen Solli/TV 2)
Farmen 2019
Farmen 2019: Her er årets deltakarar i Farmen 2019 (Foto: Espen Solli/TV 2)

Vivian Kvarven (47) frå Bømlo er med i haustens utgåve av Farmen på TV 2.

Håvard Hammarstrøm

Det melder fjernsynskanalen i ei pressemelding. Denne gongen flyttar deltakarane inn på garden Lundereid som ligg om lag to mil utanfor Kragerø i Telemark.

– Haustens sesong skal spegle den økonomiske og nasjonalromantiske optimismen som følgde etter første verdskrigen. Dessutan er kjærleik og romantikk viktige stikkord for Farmen 2019, heiter det frå TV 2.

Deltakar frå Bømlo

I alt 14 deltakarar er med når årets sesong har premiere om drygt to veker. Ein av dei er 47 år gamle Vivian Kvarven frå Bømlo. I pressemeldinga kan me lesa at ho er driftsleiar innan fiskeoppdrett i sitt daglege virke. Ho har sett alle sesongane av Farmen, og skal ifølgje pressemeldinga like å ha full oversikt. Ho «har lite til overs for rot og trege folk».

– Eg kjem til å leggje meg opp i ganske mykje. Eg likar å ha kontroll på ting og tang. Eg klarer å innordne meg etter alle type menneske, men eg kjem til å irritere meg og gje beskjed, det trur eg nok, seier ho til TV 2.

Tenkjer på fiskane

Medan dei andre deltakarane fortel at dei kjem til å sakne familien, har Vivian et litt anna syn på det, ifølgje TV 2.

– Eg har sagt til familien at om det skjer dei noko, så får eg vite det. Eg har store, sjølvstendige barn. Det eg kjem til å tenkje mest på er alle fiskane mine på oppdrettsanlegget. Eg har ein million laks som held på å bli store, og dei er babyane mine. Sorry, familie! Nei då, dei veit om det, seier ho og humrar.

Du kan sjå intervju med årets deltakarar på nettsidene til TV2

havard@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.