I slik ei natt: Bømlo Teater håper unge skodespelartalent vil melda seg på audition til tre av rollene i "I slik ei natt". Arkivfoto. Foto: Håvard Hammarstrøm

Bømlo Teater skipar til audition

Planlegginga av årets framsyningar av Mostraspelet «I slik ei natt» er i full gang. No tek Bømlo Teater imot påmeldingar til audition for tre berande roller.

Det melder teateret i ei pressemelding.

— Me søkjer etter tre unge amatørskodespelarar i alderen 16—23 år til desse tre berande rollene, seier dagleg leiar i Bømlo Teater, Øystein Kausrud. Han legg til at det alt finst mange dyktige unge skodespelarar som er knytte til teateret.

— Men me vil også invitera andre som ikkje har vore med oss før. Me veit det er mykje talent der ute, så me håper at det er mange som melder seg på. Dette er eit godt høve for unge skodespelarar til å få spanande utfordringar i eit trygt og godt miljø, seier han.

— Mange syns nok at det å gå på audition kan virke skummelt, men me lover å leggje til rette for at opplevinga skal bli god og at ein føler seg godt varetatt, legg teatersjefen til. Dato for audition er 1. februar.