Louisiana Washboard Five: Dei var heldige dei 25 som fekk billettar til huskonserten med Louisiana Washboard Five på Furuneset fredag kveld. Med i bandet er frå venstre Ketil Sætre (trompet), Arnulf Røkke (tuba), Rolf K. Seldal (vaskebrett), John Lammers (banjo) og Steinar Sætre (klarinett og saksofon). Foto: Håvard Hammarstrøm

Då South Side Chicago kom til Rubbestadneset

Fredag i førre veke vart det invitert til intimkonsert med jazzbandet Louisiana Washboard Five i «gamlehuset» til Steinar Sætre på Furuneset. Musikkstilen blir omtala som South Side Chicago.

Steinar Sætre har eit kjent namn for mange bømlingar som tidlegare lærar og rektor i det som i dag er Bømlo kulturskule. Det var i 1987/88. I 1989 gifta han seg med ein rubbestadnesing, og barndomsheimen til kona har dei her. Om lag ti år seinare var Sætre med på å danne jazzbandet Louisiana Washboard Five, som etter kvart har gitt ut fire plater og spelt på store jazzfestivalar i inn- og utland. Fredag hadde bandet sin første konsert på Bømlo.

Eksklusiv ekstrakonsert

På banjo har bandet nederlandske John Lammers, så spelejobbar lyt av logistikkmessige årsaker planleggjast godt. Bandet hadde ein spelejobb i Haugesund på laurdag, slik at huskonserten på Furuneset kvelden før på sett og vis vart ein oppvarmingskonsert for bandet. For dei 25 som var så heldige å få billett til huskonserten, vart det ei heilt spesiell konsertoppleving. Konsertlokalet, det vil seie stova, var perfekt for lystig Chicago-jazz. Dette er musikk som vart skrive og framført første gong på slutten av 1920-talet.

Steinar Sætre fungerte som konferansier, og han sa mellom anna at musikk framført denne kvelden var nokre få år nyare enn huset dei sat i. Publikum fekk også servert gode historier frå bandet si historie, og bakgrunnen for låtane som vart framførte. Det vart mellom anna framført låtar frå deira fjerde og hittil siste album, «Professor Hot Stuff», som kom ut i 2016.

Maks utteljing: Trond Haldorsen, Karsten Øvretveit og Lars Egil Vik gav alle terningkast seks til Louisiana Washboard Five. Foto: Håvard Hammarstrøm

– Dette var suverent

Publikum var strålande nøgd med konsertopplevinga. Dei tre lokalavisa snakka med etter konserten gav alle toppkarakter.

– Dette var veldig kjekt. Ein høydare. Det var ei fin oppleving, seier Lars Egil Vik.

– Dette var topp. Ein klar seksar på terningen. Dette var suverent, meiner Karsten Øvretveit.

– Dette var utruleg bra! Litt annleis musikkstil enn eg er vant med, men veldig kjekt å høyra. Steinar var forresten også den første musikkskulelæraren min. Det var ei veldig fin ramme rundt konserten, og dette huset var eit fint konsertlokale. Det passa fint til musikkstilen. Dei er flinke musikarar som held veldig høgt nivå, seier Trond Haldorsen. Steinar Sætre seier seg også godt nøgd på vegner av bandet.

– Me har aldri spelt på Bømlo før, men i regionen her har me mellom anna spelt på Sildajazz i Haugesund. Me skal spela på deira jazzkafé-arrangement i morgon. Me la inn denne konserten som ein ekstrakonsert. Dette var veldig artig. Det har blitt trend blant artistar å gjera «heime hos-konsertar». Det har me aldri prøvd før. Men det var kjempehyggjeleg. Det kan godt vera at me gjer dette igjen.

Jazz i gamlehuset: Tidlegare kulturskulerektor Steinar Sætre speler klarinett og saksofon i Louisiana Washboard Five. Foto: Håvard Hammarstrøm