Dei mange spirande kunstnarane på øya

Likar du kunst, er det mykje kjekt for deg å sjå på Bømlo. Me har snakka med nokre av dei aktive kunstnarane på Bømlo, som er klare til å ta imot for sommarvitjande.

Tek du ein rundtur kringom på Bømlo, oppdagar du mange kunstnarar i ulike krikar og krokar. På Moster driv til dømes Alma Kjærland med glaskunsten sin på Totlandsvegen på Moster. Kunstnaren har lang erfaring med akvarellmåling og glaskunst. Sidan Bømlo-nytt vitja ho i høve opninga i fjor, har ho gjort nokre utbetringar av garasjen ho har utstilling i.

– No har eg fått meg eit skikkeleg utstillingslokale, så no kan eg ha utstillinga ope heile sommaren, seier Kjærland.

Kunst: Dette bilete vart teke då Bømlo-nytt var på besøk hjå Alma Kjærland i fjor. I år har ho pussa opp garasjen, og stiller ut både glaskunst og måleri. Foto: Carina Wangensten

Ungdommen, på 76 og eit halvt ifølgje ho sjølv, er framleis friskt til sinns, og har jobba både dag og natt for å gjera sommarutstillinga klar.

– Eg tenkjer at så lenge eg har lyst, skal eg halda på. Eg hadde ei utstilling før jul. Der kom det så mange folk, at eg tenkte at eg måtte laga til noko i sommar også, seier Kjærland.

Er ein nysgjerrig på kunsten hennar, kan ein koma forbi ein tur i sommar helsar kunstnaren.

– Så lenge bilen min står her, er eg heime. Nokre gonger sit eg å jobbar. Då er dei hjarteleg velkommen til å sjå korleis eg jobbar også visst dei vil, seier Kjærland.

Kunst: Her har Alma Kjærland laga eit kjekt velkommen-skilt i glas. Foto: Privat

Dikt, poesi og måleri

Kunstnaren: Kunstnaren Grethe Kjøsnes har galleriet og atelier i huset sitt i Urangsvåg. Foto: Privat

Køyrer ein til Urangsvåg, kan ein få med seg Grethe Kjøsnes sitt galleri. Kunstnaren driv både med måling og diktskriving, og hadde nyleg offisiell opning av galleriet sitt.

– Utstillinga min er open utover sommaren. Passar ikkje opningstidene, ringjer eller melder du meg for å avtale besøk. Eg er stort sett heime og tilpassar avtaler, seier Kjøsnes.

Kunstnaren har nyleg flytta tilbake til Bømlo, etter nokre år i Fjaler kommune. No har ho både galleri og atelier i det nyinnflytta huset sitt i Gåslandsvegen i Urangsvåg.

Nytt galleri: Den unge kunstnaren flytta nyleg frå Haugesund til Bømlo. I vår opna han galleri i sentrum på Svortland. Alle som vil koma inn å sjå måleria i sommar er velkomen for ein kikk, helsar kunstnaren. Foto: Carina Wangensten

Tek ein turen innom sentrum, kan ein vitja den unge målaren Aamund Gravdal sitt galleri; Artilleri Gravdal. Inne i det vesle lokalet er veggane kledd med vakre måleri med motiv frå naturen og kvardagen.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Galleriet mitt kjem til å vera ope i heile sommar, seier Gravdal.

Kunstnaren flytta frå Haugesund til Bømlo i vår, og fekk raskt sett opp både galleri og atelier i sentrumsgata på Svortland. Galleriet hans skal vera ope heile sommaren, men det kan henda du også møter han med eit lerret ute i naturen.

– Eg jobbar ein del utanfor, så du skal ikkje sjå vekk frå det. Visst nokon vil vitja galleriet, og døra er stengt, kan dei berre senda meg ein melding, seier Gravdal.

Keramikk

Likar du keramikk, går det an å svinga nedom Folderøy. Der held kunstnar Kari Berger til, som har både galleri og verkstad i huset sitt på Gjerdsåsvegen. Berger har drive med keramikk i 10 år.

– Eg drøymde om å jobba med slikt då eg var ung. I ein alder av 56 år, fann eg ut at eg faktisk kunne gjera alvor av det, seier Berger.

Kunstnaren lagar mykje forskjellig i keramikk, men har blitt mest kjend for dei flotte koppane sine, også kjend som «Kari-koppar». Motiva på koppane teiknar Berge sjølv, og brenn fast i keramikken.

Kunst: Berger måler små insekt på koppane, for å minna alle om å verna om insekta i naturen vår. Foto: Privat

– Eg har også nokre som er handmåla. Mellom anna nokre eg måler små insekt på. Den serien er meint å vera ei lita påminning om å ta vare på insekta, seier Berger.

Galleriet vil vera ope i heile sommar, men kunstnaren set pris på ein telefon eller melding i forkant av besøket.

– Eg kjem til å vera her i heile sommar, men det kan vera lurt å ringa i forkant, seier Berger.

Putlearbeid: - Kvar einaste krøll sit eg å lagar for hand. Medan andre sit med strikketøyet, sit eg med sauene mine, skøyra Berger. Foto: Privat