Moster kyrkje: Dugnadsjobben er i gang for å samla inn pengar til nytt orgel. I 2024 er Moster kyrkje 150 år. Arkivfoto. Foto: Håvard Hammarstrøm

Dugnadsjobb for nytt orgel i Moster kyrkje

I 2024 er Moster kyrkje 150 år, samstundes som det store riksjubileet skal markerast på Moster. Då ynskjer Moster sokneråd og Bømlo kyrkjelege fellesråd at det skal vera nytt orgel på plass.

I 2018 vart det difor utnemnt ein komite til å få nytt orgel på plass til jubileet.

Dagens orgel er frå 1965, og orgelsakkunnige har vurdert instrumentet som såpass skada at det ikkje er verdt å reparera.

Det aller første orgelet i Moster kyrkje vart sett inn i 1909, eit pipeorgel med sju stemmer.

I 2019 vedtok både soknerådet og fellesrådet at det skulle kjøpast nytt pipeorgel til Moster kyrkje. Orgelet har ein stipulert kostnad på 5,7 millionar kroner, skriv orgelkomiteen i ei pressemelding til Bømlo-nytt.

Bømlo kommune vil ta størstedelen av kostnaden medan Moster sokn sjølv skal bidra med ein eigendel på litt over 1 million kroner. Dei har allereie samla inn vel 200.000 kroner, og har dermed ein del att før dei er i mål.

Eigendelen vert samla inn via gåver frå bedrifter, innsamlingar, arrangement og gåver frå privatpersonar. Det er allereie kome inn både små summar frå privatpersonar og eit større beløp frå ei bedrift, men det er langt fram til målet er nådd.

Eitt av tiltaka som er nytta i innsamlinga er såkalla dugnadskonsertar. Komiteen planlegg ein serie slike konsertar, med ein kvart halvår. Den første vart arrangert i oktober 2019, den neste vert i mars. Det vert også jobba med ein dugnadskonsert til hausten. Det spesielle med desse konsertane er at alle stiller opp gratis, slik at alle inntektene går til orgelprosjektet.

– Me i orgelkomiteen håpar alle sluttar godt opp om orgelprosjektet vårt og at mange finn vegen til kyrkja etter kvart som arrangementa dukkar opp framover, skriv Mona Ingvaldsen Hodne på vegner av Moster sokneråd og orgelkomiteen.

Ho skriv til slutt at dei trur at eit nytt orgel i kyrkja vil bli til glede for mange i Moster sokn som nyttar kyrkja i mange samanhengar, i sorg og i glede, til kvardags og til fest.