Ny utstilling: Med god hjelp frå Gudmundur Baldursson har Moster Amfi laga ei ny utstilling ved inngongen til den permanente utstillinga «Frå heidendom til kristendom». Dagleg leiar Nina Meldahl Olsen syner skulderbladet til sauen, som tidlegare var vanleg å nytta til bearbeiding av skinn. Ho fortel at alt på sauen kom til nytte, ikkje berre kjøtet og ulla. Foto: Håvard Hammarstrøm

Ei historisk reise for heile familien

Moster Amfi starta sommarsesongen 23. juni. I sommar kan ein oppleve utstilling av kostyme frå Mostraspelet, familievandring tilbake til vikingtida, rebusløp, bli med på vandreteater, og lære om den unike geologiske historia til Bømlo.

– No er me så klare til å ta imot publikum igjen! Dette blir superkjekt! seier Nina Meldahl Olsen med eit stort smil. Den daglege leiaren i Moster Amfi og Kyrkjehistoriske Senter gler seg til å syne publikum ein nyoppussa kafé og amfisal, i tillegg til to heilt nye utstillingar.

Flotte kostyme: Kostyme frå både «Kristkongane på Moster» og «I slik er natt» er utstilte i amfisalen i sommar. Her er også nokre rekvisittar frå dei historiske spela. Foto: Moster Amfi og kyrkjehistoriske senter

Kostyme frå Mostraspelet

Etter planen skulle Bømlo Teater også i år setja opp sogespelet «I slik ei natt» i Moster Amfi, men grunna koronakrisa måtte teateret avlyse førestillingane. Til gjengjeld byr teateret i sommar på ei spennande utstilling i Amfisalen.

Her vil publikum kunne sjå både kostyme og rekvisittar, som sverd og skjold, frå Mostraspelet. Her blir kostyme både frå «Kristkongane på Moster» og «I slik ei natt». Utstillinga opna 20. juni, og blir å sjå heile sommaren. No kan ein sjå kostyme frå vikingar og biskopar på nært hald. Her blir også stillbilete og levande bilete frå Mostraspelet.

Vandreteater på Vetahaugen

I tillegg til dette har ein i sommar kunne oppleve vandreteater i regi av Bømlo Teater. I samarbeid med Moster Amfi fekk publikum bli med gardsfolket frå Teigland på ei reise tilbake til vikingtida. Det vart ei vandring på Vetahaugen med krossen, der segn og mytar vart fortalde på vegen. Teateret gjorde dagleglivet på Moster for 1000 år sidan levande, og Meldahl Olsen seier det som vart med kunne vente seg nokre spennande overraskingar under vegs.

Familieframsyninga tok om lag ein time. Grunna smittevernomsyn var det avgrensa tal plassar og påmelding. Premiere var 27. juni, og det var framsyningar denne helga og dei to etterfølgjande helgane.

– Det var fantastisk kjekt at Bømlo Teater organiserte dette, seier Meldahl Olsen.

Ønskjer velkomen: Moster Amfi og Kyrkjehistoriske Senter har fire tilsette fordelte på 2,2 årsverk. Frå venstre: dagleg leiar Nina Meldahl Olsen, Margunn Meling, Hanne Vihovde og Hege S. Alvsvåg. Meldahl Olsen er tilsett i 100 prosent stilling, medan dei tre andre er tilsette i 40 prosent-stillingar. Foto: Abstract Media

Familieguiding for store og små

Sjølv om teaterframsyningane no er ferdige for i sommar, er det mykje anna kjekt å oppleve i Moster Amfi. I samarbeid med Gudmundur Baldursson er det laga ei heilt ny utstilling. Denne er plassert ved inngangen til den permanente utstillinga «Frå heidendom til kristendom». Meldahl Olsen fortel at det her blir familieguiding, med forteljingar om kvardagsliv i vikingtida. Til dette har Meldahl Olsen laga eit rykande ferskt manus, der vikingane sitt tilhøve til dyr står sentralt.

Vikingane var flinke til å utnytte alle delar av dyra dei slakta. Men kva vart eigentleg beina til sauen og fuglane nytta til? Det vil guiden kunne fortelje til dei som kjem. Dei vitjande blir også kjente med den mystiske volva.

Familieguidinga startar ved oppstadveven som no er sett opp, held fram i utstillinga laga saman med Baldursson, og blir avslutta i den permanente utstillinga.

Oppstadvev: Denne flotte veven vart kjøpt på ein gjenbruksbutikk til eit par hundrelappar. Med hjelp frå Trine Vangen i Bømlo kunstlag er veven sett saman, og med hjelp frå vevar Reidun Karin Nes frå Føyno (biletet) fell dei siste brikkene på plass. Oppstadveven seiast å ha røter heilt tilbake til steinalderen. Målet er at veven skal bli brukande, slik at vitjande kan få prøve veving. Her skal det også forteljast om plantefarging av garn. Foto: Håvard Hammarstrøm

Kalka murveggar og marmoriserte søyler

Moster Amfi har altså vore koronastengt for publikum, men det har likevel vore stor aktivitet i amfiet. Meldahl Olsen fortel at Mike McGurk har gjort ein kjempejobb i oppussinga av kaféen og Amfisalen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Ein del av treverket i dører og vegger har fått ny farge, men det som vekkjer størst merksemd er likevel at lekamurane er blitt kalka. McGurk har også laga vakre mønster i kalken, som er verdt eit studium i seg sjølv.

Moster gamle kyrkje: Den gamle kyrkja på Moster vart bygd på 1100-talet. Det er høve til å få guiding og omsyning i gamlekyrkja no i sommar. Foto: Abstract Media

– Med tanke på korleis gamle Moster kyrkje vart bygt passar dette perfekt?

– Ja, no ser det meir ut som kyrkjemur, og det var vel Mike sitt mål også, at alt heng saman med det me formidlar, seier Meldahl Olsen.

I tillegg er også søylene marmoriserte, slik at dei no nærmast har fått ein sølvglinsande utsjånad. Også i Amfisalen er det malt. Her har golvet fått ny farge, og delar av veggane er blitt kvite.

– Det bidreg til at det som blir utstilt her kjem betre fram, seier Meldahl Olsen.

Kalka veggar: Kunstnar Mike McGurk har gjort ein fantastisk jobb med kalking og utsmykking av veggane i Moster Amfi. Her har han laga logoen som syner at Moster Amfi er del av Norsk kulturarv. Foto: Håvard Hammarstrøm
Har pussa opp: Amfikaféen er blitt pussa opp medan amfiet har vore koronastengt. Foto: Håvard Hammarstrøm

Moster gamle kyrkje og Steinriket Bømlo

Meldahl Olsen minner om at det i opningstida til amfiet også er høve til å kjøpe billettar til utstillinga Steinriket Bømlo, som er ein del av Geopark Sunnhordland. Her kan ein mellom anna kan lære om den unike geologien på Bømlo, og lesa om korleis til dømes marmor og gull vart vunne ut.

Den permanente utstillinga «Frå heidendom til kristendom» er også verdt ei vitjing, og det er også høve til guiding i Moster gamle kyrkje, ei kyrkje som truleg vart bygd på 1100-talet.

Moster gamle kyrkje: Dei som blir med på guida tur får mellom anna sjå Moster gamle kyrkje frå innsida. Foto: Abstract Media

I tillegg vil sjølvsagt også kaféen vera open, og her vil ein kunne kjøpe seg kaffi, vaflar, laurdagsgraut og is. Her er også lokal bibliotekfilial, som gjer at ein kan låne seg ei bok, sitja på historisk grunn, og lese til dømes Flatøybøker med illustrerte segn skrive i mellomalderen på Island. Barna kan i mellomtida prøve seg på rebusløp.

Meldahl Olsen seier det blir jobba med ein utekonsert i amfiet i sommar, men om denne blir noko av var ikkje klart då sommaravisa gjekk i trykken.

– Men me skal ha sommarmarknad første helga i august. Då det blir det marknadsplass i svalgangen for alle som vil. Dette gler me oss til! seier Meldahl Olsen. Ho håper bømlingar og vitjande tek turen til Moster Amfi.

Artikkelen held fram under annonsen.

Spesiell plass: Moster Amfi er kalla det finaste uteamfiet i Nord-Europa, og det med rette. I svalgangen er det høve til å setja seg ned og ta seg ein kopp kaffi. Foto: Abstract Media

Ønskjer sunnhordlendingane velkomne

– Er det noko du har lyst til å seie særskilt til naboane våre på Stord og i Fitjar når du no har sjansen?

– Dei er hjarteleg velkomne! Eg bur jo på Stord sjølv, og når det kjem stordabuar inn her seier dei gjerne at «dette visste eg ikkje at eksisterte»! Her i vår region! Dette må folk sjå! Eg vil gjerne oppmode sunnhordlendingane om å ta turen i sommar. Ikkje minst med tanke på at me no går mot eit nytt tusenårsjubileum. Her kan dei bli kjente med historia som ligg bak. Dei som ikkje har vore her før kjem til å bli øvegidde over historia om området.

Bli med inn i Steinriket: Den gamle gruvegangen under Moster Amfi er blitt eit perfekt utstillingslokale for utstillinga «Steinriket Bømlo», ei utstilling som fortel om ei 10.000 år lang industrihistorie. I amfiet har dei ein liten gullklump frå gullgruvene på Lykling, og om ein er heldig kan ein få kjenne korleis gull kjennes ut å ta på. Foto: Håvard Hammarstrøm
Les også
Moster Amfi startar med varesal
Les også
Moster 2024 lanserte nettside
Les også
Listhaug for første gong på Moster