DYKKAR EKSELLENSAR: Ikkje farleg når snømannen er av det imøtekomande slaget. Han bukkar så han mistar hatten. Foto: Bodil Selle

Ein svært så høfleg snømann

Han står i hage og bukkar ærbødig.

– Me fekk oss ein god latter då me såg snømannen vår som i løpet av dagen på galant vis hadde lena seg over på sida. Sprek snømann! seier Bodil Selle som sende biletet til Bømlo-nytt tysdag ettermiddag.

Det blei sjølvsagt ei god sak, med tidenes mest høflege snømann som bukkar så djupt at ein kan lura på om Kongen har gått forbi.

Har du bilete av snømann eller anna snø-aktivitet eller landskap? Send gjerne inn.

Les også
Send gjerne inn foto av snø