Heine til hotellet: Foto av filminnslag der Lasse Lassesen Breivik får LIVE-støttekonsert til hotellet på Bømlo. Foto: Ingvild Sjo

Er du klar for konsert med Heine Totland

I kveld klokka 21.30 skal Heine Totland med band spela for heile Bømlo - på den digitale plattforma. Her er det berre å setje seg godt tilbake i lenestolen og la Totland stå for underhaldninga.

Det var på initiativ frå Jan Arvid Monsen at konserten vart skipa til, for å støtta hotelleigar Lasse Lassesen Breivik. Heile saka kan du lesa her:

Les også
Lasse på hotellet tatt på senga

Bjørn Kjetil Ljosdal skal ta seg av filminga. Hotellet er i skrivande stund forvandla til eit studio for høve. Langs sidene dekkjer hotellet opp til 25 gjester, som skal få oppleva konserten på staden.

Stuioet er klart: Stuioet er rigga og klart for å ta imot Heine Totland og band. Foto: Bjørn Kjetil Ljosdal
Her er det dekka fint på til dei 25 inviterte gjestene, med godt mellomrom. Foto: Bjørn Kjetil Ljosnes
Lys, lyd og bilde må vera klart før den store kvelden. Foto: Bjørn Kjetil Ljosnes

Til oppvarming har russen førebudd eit nummer. Det kan du lesa meir om her:

Les også
Russen varmar opp for Heine Totland