Gisle Børge Styve på tangentar og Heine Totland på vokal er ein god kombinasjon
Gisle Børge Styve på tangentar og Heine Totland på vokal er ein god kombinasjon Foto: Håvard Hammarstrøm

Gisle og Heine fengja

Heine Totland og Gisle Børge Styve heldt eit show som fengja publikum i eit utseld Langevåg bygdatun.

Då dei to gjekk på scenen i hallen litt over klokka 21 fredag kveld i førre veke, markerte dette startskotet på kystsogedagane i Langevåg.

Best of Totland & Styve

Eit publikum på om lag 400 jubla då Totland og Styve kom inn i salen. Totland sa under vegs i showet at publikum her fekk servert ein kortversjon av showet som dei to har hatt suksess med i Bergen og Oslo. Ein kortversjon som varte i nesten halvannan time.

Showet vart sjølvsagt tilpassa det at Heine her var på heimebane. Han fortalde nokre morosame historier om Moster og Langevåg som fekk publikum til å le godt langs borda.

Showet vart også opna med «Min båt» av Kenneth Sivertsen. Totland hylla Sivertsen, kulturskulen og kulturlivet på Bømlo. Utan dei stod han ikkje på denne scenen sa han.

– Faderullan så koseleg å reisa hit til Søra Bømlo, sa han, og gjekk rett over i «For Once In My Life» av Stevie Wonder. Deretter song han ein medley med «My Way» og David Bowie-låten «Life On Mars». Sistnemnde på både engelsk og bømmelsk.

Alle billettane til showkvelden i Langevåg bygdatun vart selde
Alle billettane til showkvelden i Langevåg bygdatun vart selde Foto: Håvard Hammarstrøm
Heine Totland og Gisle Børge Styve fekk publikum med på allsong
Heine Totland og Gisle Børge Styve fekk publikum med på allsong Foto: Håvard Hammarstrøm

– Me prøvde å finna ein song om kystsogedagar. Me fann ingen i Noreg, ingen i Sverige eller USA. Men me fann ein i Tyrkia, sa Totland med eit stort glis. Deretter framførte han «Simarik» (kiss kiss) av Tarkan på tyrkisk. Då var det trampeklapp i salen.

Stjernekamp

Totland sa at han i samband med show i Oslo hadde gitt uttrykk for at bømlamål kunne brukast til alt. Deretter framførte han same Timbuktu-rap´en som han framførte under Stjernekamp på NRK. Han skulle sidan også syngje «Gangnam Style» på koreansk, slik han gjorde i Stjernekamp.

På programmet stod dessutan Abba-låten «Our Last Summer», og også her vart det sunge på engelsk og tekst omsett til norsk bømladialekt.

– Korleis er luftgitarmiljøet på Bømlo? spurde Styve, og publikum lo. Så framførte dei to «Bohemian Rapsody» av Queen. Gneistrande gjort. «Volare», «Break My Stride», trist cowboysong, Styve song om ungdomstid, duett frå «Les Misérables» og «All Night Long» (Stevie Wonder) kom på rekkje og rad.

Etter ståande og stormande applaus, kom det eit ekstranummer som vart avslutta med «Somebody To Love» av Queen. Då var kvelden komplett, og enda skulle det spelast til dans.

Artikkelen held fram under annonsen.

havard@bomlo-nytt.no