Avlyst: For andre året på rad er den tradisjonsrike Hatlevikbasaren avlyst. Foto: Håkon C. Hartvedt

Hatlevikbasaren 2021 er avlyst

Som mange andre sommararrangement har og Hatlevikbasaren no kasta inn handkledet på grunn av koronasituasjonen.

Det er Rasmus Hatlevik som opplyser dette etter at leiinga no har blitt samde om å droppa basaren i år.

– Men er sjølvsagt leie for dette, men vi vil jobba på for at det skal vera mogeleg gjennomføra arrangementet i 2022, seier Rasmus Hatlevik.

– Hatlevikbasaren har tradisjon for å bli arrangert 2. laurdagen i juli, og denne tradisjonen vil dei halda fram med, understrekar Hatlevik, til slutt.