Heine på Farmen: Heine Totland frå Bømlo er ein av 12 kjendisar som har flytta inn på Farmen kjendis. Foto: Alex Iversen/TV2

Heine Totland flyttar inn på Farmen

Artist og bømling Heine Totland flyttar inn på Farmen kjendis på TV2.

Tolv kjendisar er klare for å kjempe om sigeren i den sjette sesongen av Farmen kjendis, melder TV2 i ei pressemelding.

Innspelinga skal alt vera godt i gang på Bøensætre gård, som ligg i Aremark kommune. Her lever dei 12 kjendisane slik dei gjorde for 100 år sidan.

Fleire kjente fjes

I tillegg til artist Heine Totland frå Bømlo blir det også mange andre kjente fjes å sjå i denne utgåva av realityserien. Programleiar er også denne sesongen den kjente freestyle-køyraren Tiril Sjåstad Christiansen (26).

Her er dei 12 deltakarane: God kveld Norge-programleiarane Dorthe Skappel (58) og Niklas Baarli (32), komikar Shabana Rehman (44), tidlegare handballspelar Kjersti Grini (49), tidlegare fotballspelar Jahn Ivar «Mini» Jacobsen (55), influensar Sophie Elise Isachsen (26), Dagen-redaktør Vebjørn Selbekk (52), fiskar og vinnar av NRK-programmet Norges Tøffeste, Isak Dreyer (26), Øyunn Krogh (25), kjent frå TV-programmet Sommerhytta, artist og skodespelar Adam Ezzari (22), kjent frå NRK-suksessen Skam, artist Heine Totland (50), og tidlegare P3-journalist Ingrid Simensen (27)

Farmen kjendis 2022: Her er kjendisane som no kjempar om sigeren i Farmen kjendis 2022. Foto: Alex Iversen/TV2

Odelsguten Totland

TV2 har spurd Heine Totland fleire gongar om han ville vera med på Farmen kjendis, og denne gongen takka han altså ja.

Om Totland skriv TV2 at bømlingen tek med seg mykje erfaring frå gard inn på Farmen, sidan han sjølv er odelsgut og oppvaksen på gard. Garden ligg no brakk, men då han vaks opp var det dyr der, fortel Totland til TV2. Han har vore med på å så poteter, bruke ljå og leggja gras i silo.

Les også
I lukkerus på sjøisen

— Så no skal eg treffa att gutungen i meg som har vore fjern i 35 år, fortel han. Totland budde seg litt før avreise, og oppsøkte mellom anna ein smed.

– Det står ein ambolt i garasjen her heime og ei esse, så eg har utstyr til å smi heime. Så har eg jobba litt med slakt av større dyr, fortel han.

Totland har med seg gitaren til Farmen. Men det er meir fordi han treng gitaren som psykolog snarare enn eit ønskje om å underhalde, fortel han.

Vil skapa samhald

Totland seier målet hans på Farmen er å skapa samhald.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Eg ønskjer å vera ein ressurs, og å læra ting. Eg har inga interesse av konkurranseaspektet. Eg har eit konkurranseinstinkt, men det kjem ikkje før det må. Sist eg kjente på det trur eg var under finalen i Masterchef. Eg har inga interesse av å slå andre, men ønskjer å gjera det best mogeleg for min egen del. Eg vil visa at eg er eit «bandmenneske», at eg er best når eg er i ei gruppe med menneske, seier han til TV2.no.

Les også
Heine fekk bursdagshelsing frå Erna

På skjermen neste år

Innspelinga av Farmen varer i seks veker. I løpet av desse vekene skal altså kjendisane kjempa mot kvarandre, til ein av dei står att som vinnar av Farmen kjendis 2022. Sjølv om innspelinga skjer no blir nemleg ikkje programma synte på TV2 før til neste år.

Les også
Høyr Finn og Heine Totland På Loftet
Les også
– Utruleg gøy å få vera med i Stjernekamp
Les også
MasterChef med bømlabok
Glad i å fiske: Heine Totland er glad i å lage mat og å fiske. Det er nok eigenskapar som kjem vel med på Farmen kjendis. Foto: privat