Hekseringen: I 2022 kjem teaterstykke Hekseringen til Bømlo. Det er Kompani Andersen som står bak førestillinga. Foto: Geir Tveita

Hekser, pyro og skumle plott: — Eg trur rett og slett dette kjem til å bli fantastisk

Søndag var det «Kick-Off» på Hekseringen.

Kompani Andersen hadde samla alle som skulle vera på og av scena i teaterstykke Hekseringen, som er venta til Bømlo i 2022.

Teaterstykket tek oss med til år 1665. Ei tid der «hekser» blir brende på bål over heile Europa. Når bestemora til Kristina, ein av hovudkarakterane, blir tiltala og dømt for å vera heks, bestemmer Kristina og bestevennen hennar Peder seg for å prøva å redde bestemora frå den fælslege skjebnen.

Ein av dei som har møtt opp i dag, Karl Magnus Tollaksvik, har store forventningar til stykket, og gler seg til å møta alle skodespelarane han skal samarbeide med det neste året.

— Eg trur rett og slett dette kjem til å bli fantastisk, strålar ein spent skodespelar.

— Eg gler med også til å bli kjend med alle, men eg gler meg nok mest til «fyrverkeriet», skøyar Adrian Tveita-Larsen.

Hekseringen er nemleg eit ganske spesielt teaterstykke, der ein mellom anna får oppleve magi og opne flammar på scena.

— Det blir utruleg kjekt å sjå reaksjonane frå publikummarane, og ikkje minst høyre kva dei syntest, seier Tollaksvik.

Både for vaksne og barn

Hannah Stokkenes-Jenkins trur det blir eit veldig kjekt teaterstykke, både for skodespelarane og publikummarane. Ho har tidlegare vore på scena i mange teaterstykke på Bømlo, men dette vil bli ganske annleis frå det ho har gjort før.

— Trass i at det er eit barneteater, er det også veldig vakse. Og ikkje minst — fullt av magi.

Det er berre Fyllingsdalen Teater som har spelt Hekseringen før Kompani Andersen. Søndag fekk alle sjå korleis dette teateret har framført førestillinga.

Artikkelen held fram under annonsen.

— Det blir spennande å sjå korleis vårt stykke blir, samanlikna med dei i Bergen.

Heller teater enn sommarferie

Jenny Engebretsen Tvedt ser fram til å sjå resultatet av det dei no skal jobba med i løpet av det neste året.

— Ja, eigentleg heile prosessen, seier Tvedt, som i starten var litt usikker på om ho ville bruka sommarferien på dette.

— Men ein slik sjanse kjem ikkje igjen. Det er ei oppleving eg føler eg må ha. Så då fann eg ut at det var betre å vera med på dette, enn å ha ein sommarferie, som eg kjem til å ha i mange år framover.

No gler dei seg alle til å bli kjend med teatergjengen, og å byrja øvingane fram mot premieren i 2022.

Det blei også vist ein liten smakebit frå heksedansen. Video: Geir Tveita.