Her kjem den første luka i fastekalenderen

Kvar onsdag fram mot påske skal Kyrkjene på Bømlo presentera ei ny luke med underhaldning.

I første luke får me høyra Marit Helene Dahl framføra songen «Kjærlighet», med Øystein Lund Olafsen som pianist.

Dette er berre den første av mange luker, og sendingane blir lagt ut kvar onsdag, klokka 21:00, på Bømlo-nytt sine heimesider.