– Av og til vart det funn, men ofte vart det bom. Ofte vart det ei gullgruve med motsett forteikn. Det vart lagt ned meir ressursar enn det vart henta ut, seier Abildgaard
– Av og til vart det funn, men ofte vart det bom. Ofte vart det ei gullgruve med motsett forteikn. Det vart lagt ned meir ressursar enn det vart henta ut, seier Abildgaard Foto: Håvard Hammarstrøm

I ein gullgravars fotspor

Om lag 30 personar vart sundag med gullgravar Niels J. Abildgaard på gruvevandring på Lykling.

Vandringa var ein del av programmet i Steinriket Bømlo-seminaret 2018.

Gode foredrag

Seminaret starta laurdag føremiddag. På programmet stod velkomst av Ola Ersland. Deretter skulle geolog og bømling John Inge Svendsen ved Universitetet i Bergen halde foredrag med tittelen «Frå istid til mellomistid – om den lange vandringa frå Afrika til Bømlo».

Geokjemikar Linn Merethe Brekke Olsen heldt så fram med foredraget «Kvifor så mykje snakk om plast – ei kjapp innføring i «allemannskunnskapen» og problematikken rundt plastforureining». Gullgravar Niels J. Abildgaard heldt foredraget «Gullet på Bømlo – tilbakeblikk på 20 år som gullgravar på Lykling», medan grottedykkarane Hallvard Oppheim og Sigurd Bowitz avslutta med film og foredrag om dykking i gruvegangane på Lykling under tittelen «I dypet står historia stille».

Ikkje gull alt som glimrar

Dei som vart med gullgravar Niels Abildgaard på vandring i gruveområdet på Lykling sundag, fekk eit spennande innblikk i korleis han og tre vener i 1982 tok turen til Bømlo for å leite etter gull. Det vart starten på 20 år med gullgraving. Først med hammar og meisel, og sidan med maskin og sprengstoff. Han er usikker på kor mykje gull dei fann i løpet av denne tida, men det kan ha vore eit par-tre kilo. Litt vart seld som «turistgull» i små esker, medan dei større klumpane kom på museum. Han anslår at klumpane med størst verdi hadde ein verdi på rundt 10.000 kroner.

–Kjenn her. Kisen er glatt, medan gullet «luggar», seier Abildgaard og held fram ein stein med både kis og gull.

Niels Abildgaard syner eit døme på aksjebrev frå Bømmeløens Bergværksselskab skrive ut i 1889
Niels Abildgaard syner eit døme på aksjebrev frå Bømmeløens Bergværksselskab skrive ut i 1889 Foto: Håvard Hammarstrøm
– Veldig interessant seminar, og spennande å tenkje på korleis landskapet har utvikla seg, at her var havbotn. Det er veldig spennande geologi her på Bømlo, seier stordabu Bjørn Angell Bergh.
– Veldig interessant seminar, og spennande å tenkje på korleis landskapet har utvikla seg, at her var havbotn. Det er veldig spennande geologi her på Bømlo, seier stordabu Bjørn Angell Bergh.
Abildgaard synte døme på gull funne på Lykling
Abildgaard synte døme på gull funne på Lykling Foto: Håvard Hammarstrøm
Eg hadde ikkje trudd at så mange skulle bli med, seier Abildgaard
Eg hadde ikkje trudd at så mange skulle bli med, seier Abildgaard Foto: Håvard Hammarstrøm
Gullet «luggar» medan kisen er glatt.
Gullet «luggar» medan kisen er glatt. Foto: Håvard Hammarstrøm
Gull funne på ei gruve på Lykling kan sjå ganske annleis ut enn gull frå ein annan gruve ikkje langt unna.
Gull funne på ei gruve på Lykling kan sjå ganske annleis ut enn gull frå ein annan gruve ikkje langt unna. Foto: Håvard Hammarstrøm
Abildgaard hadde med seg døme på aksjebrev i gruveselskap på Bømlo på 1800-talet
Abildgaard hadde med seg døme på aksjebrev i gruveselskap på Bømlo på 1800-talet Foto: Håvard Hammarstrøm
Det vart ei interessant vandring i fotspora til ein gullgravar
Det vart ei interessant vandring i fotspora til ein gullgravar Foto: Håvard Hammarstrøm
Andreas Viken (oransje jakke) har hovudfag med utgangspunkt i geologien på Lykling medan Håvard Stubseid (i blå jakke) held på med doktorgraden sin ved institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen
Andreas Viken (oransje jakke) har hovudfag med utgangspunkt i geologien på Lykling medan Håvard Stubseid (i blå jakke) held på med doktorgraden sin ved institutt for geovitenskap ved Universitetet i Bergen Foto: Håvard Hammarstrøm
Abildgaard seier det tok sin tid før dei fann gull
Abildgaard seier det tok sin tid før dei fann gull Foto: Håvard Hammarstrøm
Det var her me fann det førte fnugget av gull
Det var her me fann det førte fnugget av gull Foto: Håvard Hammarstrøm
Abildgaard peiker og forklarer
Abildgaard peiker og forklarer Foto: Håvard Hammarstrøm
Geologane John Inge Svendsen og Øystein J. Jansen i diskusjon med gullgravar Abildgaard
Geologane John Inge Svendsen og Øystein J. Jansen i diskusjon med gullgravar Abildgaard Foto: Håvard Hammarstrøm
Brynjar Stautland (lengst til høgre) representerte dagens gullgravarar. Han hadde mykje spennande å fortelje til frå venstre Gerd-Helen Selle, Øystein J. Jansen og Abildgaard
Brynjar Stautland (lengst til høgre) representerte dagens gullgravarar. Han hadde mykje spennande å fortelje til frå venstre Gerd-Helen Selle, Øystein J. Jansen og Abildgaard Foto: Håvard Hammarstrøm
Jansen fann ein stein som han meinte var særs interessant
Jansen fann ein stein som han meinte var særs interessant Foto: Håvard Hammarstrøm
Det er ikkje gull alt som glimrar. Ofte er det kis
Det er ikkje gull alt som glimrar. Ofte er det kis Foto: Håvard Hammarstrøm
Om lag 30 personar var med på gruvevandringa
Om lag 30 personar var med på gruvevandringa Foto: Håvard Hammarstrøm
Abildgaard syner fram turistgull frå Bømlo som mellom anna vart seld på messer for steinsamlarar
Abildgaard syner fram turistgull frå Bømlo som mellom anna vart seld på messer for steinsamlarar Foto: Håvard Hammarstrøm

– Eldste delen av Bømlo

Abildgaard synte plassen der dei fann dei første fnugga av gull og Haugesundsgangen der dei større funna vart gjort. Han gav seg med gullgraving i 2002, men er framleis ein lidenskapeleg steinsamlar.

– Eg har vore steinsamlar i 50 år. Dette seminaret var veldig kjekt. Det kom mange fleire enn eg hadde trudd, seier han og smiler.

– Dette er den eldste delen av Bømlo. Før dette var det ikkje noko Bømlo. For 495 millionar år sidan låg Bømlo sør for ekvator, kommenterer geolog Øystein J. Jansen under vegs. Dei som var med fekk også ei innføring i korleis gullet vart danna.

havard.hammarstrom@bomlo-nytt.no