Før premieren på storfilmen «Kongens nei» i Bømlo kulturhus fredag ettermiddag, inviterte journalist Kristine Sele og pensjonist Sigfrid Larsen til førsnakk. Bakgrunnen var at Sigfrid Larsen var berre ni år då faren hennar, Lars Nesse, måtte flykta frå Norge etter å ha drive motstandsarbeid mot tyskarane.

Sele streka under før dei byrja å snakka at dette var Sigfrid Larsen si eiga historie slik ho hugsa henne, og ingen historietime.

Larsen fekk først spørsmål om Kongen gjorde rett då han sa nei til tyskarane.

- Det nei-et fekk jo ein del meir å seia for deg og din familie enn for mange andre. Var det rett? spurde Kristine Sele.

-Ja, det var det, svara Larsen kontant. - Han kunne ikkje gjort det betre!

Agnete Brun

Skulle reist med «Blia»

Sigfrid Larsen var ni år gammal då det byrja brenna under føtene til faren, og dei måtte fara av garde til Shetland. Ho visste ingenting om det illegale arbeidet, ungane skulle ikkje vita slikt.

Faren Lars var medeigar og maskinist i passasjerbåten «Finnås» som gjekk mellom Bergen og Urangsvåg. Det varte ikkje lenge før dei også frakta flyktningar frå Bergen.

- Det var eit stort motstandsmiljø der, og dei trekte sørover mot Bremnes då det byrja dra seg til og dei måtte vekk.

Då faren måtte av garde, var det først «Blia» som var aktuell. Ho skulle gå frå Øklandsvågen om kvelden 11. november 1941. Far, mor og Sigfrid gjekk om bord i «Blia», men faren syntest vëret var for ille til å ta ut over Nordsjøen den kvelden. Mor ville reisa, men det enda med at den vesle familien gjakk i land. «Blia» gjekk ut om kvelden, ingen veit kor langt ho kom. Ho vart aldri meir spurd og 43 personar omkom. Det vert rekna som det største forliset i Englandsfarten.

Gøymde seg i markane

Sigfrid Larsen fortalde at dei kunne ikkje gå heim att den kvelden. Ho fekk ta inn hos eit ektepar dei kjende på Økland, medan foreldra gøymde seg i eit sauefjøs ein annan stad på garden. Ho måtte kalla dei for mamma og pappa dersom nokon framande spurde.

Så fekk dei ny skyss, med M/S «7. juni». Men heller ikkje denne skøyta kom seg av garde, stormen var for ille. Enno ein gong måtte Sigfrid vera «dotter» i ein framand familie, medan foreldra gøymde seg i utmarka.

Men endeleg kom dei seg av garde med «Haugland I», frå Kodlevågen på Finnås. Då hadde foreldra gøymt seg i to veker.

- Eg hugsar far bar meg på ryggen gjennom torvmyrane då eg miste treskoa i ei torvskår. Doktor Hus kom med nye sko til meg, beksaumsko, men du veit eg kunne ikkje bruka «bekarar» i England, vettu, fortalde Sigfrid med eit smil.

Korsomvar, det vart ein tøff overfart med «Haugland I». Motoren stansa fleire gonger undervegs i stormen, men maskinistane batt seg fast med tau og fekk motoren i gang att. Dei opplevde også at ei mine vart liggjande å dunka langs med skutesida.

- Så me kom til Shetland nærast som ved eit under, meinte Sigfrid.

Niåringen hadde fått meslingar før dei reiste frå Bømlo, og vart lagt inn på sjukehus på Shetland.

- Mamma og pappa fekk ikkje vera med, dei måtte sitja i avhøyr. Eg hugsar godt eg grein fordi pappa ikkje fekk vera med og ville ikkje inn i bilen. Då lurte han meg ved å gå inn først. Eg gjekk etter, og så smatt han ut den andre døra.

Men ho fortalde at ho fekk det godt på sjukehuset. Sjukepleiarane var snille og ho fekk både leiker og pengegåver.

Overgang til London

Etter 14 dagar fekk ho dra frå sjukehuset, og det bar mot London med tog. Sigfrid hadde naturleg nok ikkje reist med tog før, og det heile vart ei stor oppleving. Dei reiste i eigen kupè for foreldra var framleis internerte. I London tok dei inn på hotell i første omgang.

- Eg hugsar mamma var nokså oppgjeven over dei som jobba der som snakka så stygt. Dei snakka om skit (sheet) heile tida, og mamma likte det lite. Det var jo laken dei snakka om, men mamma kunne ikkje engelsk, fortel Sigfrid med eit smil.

Etter kvart flytta dei til eit hus i Streatham, der dei hadde det fint i krigsåra. Bortsett frå bombinga. Når alarmen gjekk, gøymde dei seg under trappa, ei solid eiketrapp. Dei hadde elektrisk lys, og innedo, - Det var verre å koma heim til Nesse frå London enn å reisa andre vegen, seier ho.

- Eg og Åge

Den 3. august 1942 var Sigfrid Larsen med og feira kong Haakon sin 70-årsdag i London. Først var ho med og song for kongen utanfor huset der dei budde, før ho gjekk saman med resten av dei norske i tog til Royal Albert Hall. Der song dei nasjonalsongar for kongen, du kan seia at det er Åge og eg som har sunge der, seier ho og ler. Ho minnest det var ein fin dag, kongen sin bursdag.

- Ein ting eg syntest var ille var at me alltid måtte ha med oss gassmasker. Det vanka straff viss me vart stansa utan desse maskene. Heldigvis fekk eg aldri bruk for gassmaska, men det var sjølvsagt i tilfelle tyskarane skulle sleppa bomber med gass i.

Sigfrid Larsen budde i England frå ho var ni til ho var 13 år. Ho fortel at det var vanskeleg å komma heim og byrja på skulen. Ho kunne både dansa og leggja kabal, men det vart det fint slutt på då ho var vel heime.

- Det var også vanskeleg å fortelja kva eg hadde opplevd, for ingen av dei andre kunne forstå korleis det var, forklarar ho. Om flyktningkrisa i dag kommenterer ho at me må ta godt i mot dei.

- Dei har det godt på den måten at her er ikkje krig, men ...