Motorkvinne: Bente Grude Borgos er einaste kvinnelege kursdeltakar. Ho er tilknytta veteranbåten «Faxsen», som har ein W 50HK om bord. Til høgre i biletet ser me kursinstruktør Kåre Mæhle. Foto: Åsmund Nesse

Held hevd i kunnskap om gamle båtmotorar

Over tre dagar denne veka held veteranlaget Wärtsilä Wichmann kurs for medlemmar i klubbhuset sitt som ligg i Kompetansegarden på Rubbestadneset. Kurset har ti elevar frå heile landet, og alle får dei tett ein til ein-oppfølging med sin eigen instruktør frå Bømlo.