Med seg på laget hadde dei også dirigent Hans-Gunnar Skreslett.

Dei serverte godbitar frå blandt anna Johannes Kleppevik, Erik Bye og Lillebjørn Nilsen til dei nærare 100 oppmøtte.

Åsmund Nesse spelte også songar frå sin eigen katalog. Og med seg i orkesteret hadde han Torbjørg Huus, Frode Kvandal og Geir Ersland.

Publikum sat rolig og lytta til musikken som kom frå scena. Først når Åsmund satte i gong allsongen «Vårvise i Naustet» som alle hadde fått teksten til, song alle med.

SANG: Åsmund Nesse framførte fleire av sine eigne songar. Foto: Kjerstin Mæland

Kjekt med arrangement ikkje bere for dei yngre

To som hadde tatt turen var søstrene Aud Jorunn og Hildegunn.

– Me har venta på denne kvelde ei stund. Eg såg arrangementet og tenkte at dette måtte eg invitera Aud Jorunn med på, for dette måtte me få med oss, seier Hildegunn.

– Og dette har stått til forventningane. Så er det spesielt kjekt å høyre på Havdur, me hadde nemleg ein far som var med ein gong i tida, seier Aud Jorunn.

Dei forteller at det ikkje er så mykje som skjer for deiras aldersgruppe, og synes derfor det er ekstra kjekt når noko slik blir arrangert.

MANNSTERKE: Det var mykje god sang og musikk som kom frå både Mannskoret og Åsmund Nesse. Foto: Kjerstin Mæland

Sosialt å vera med

Audun Sandvik og Kjell Olav Thorsland som er med i Mannskoret Havdur kan fortelle at det har vore ein kjekk kveld.

– Det er veldig sosialt å kjekt å vera med i Havdur, så det anbefaler eg andre å prøve også, seier Sandvik.

– Sandvik har vore med som dirigent tidlegare, og har vore med i mannskoret i 53 år, så han veit kva han snakkar om, legg Kjell Olav Thorsland til, som sjølv har vore med sidan 2000.

Også Åsmund Nesse får mykje skryt frå dei som har høyrt på han, og alle er samde om at dette har vore ein kjekk kveld.