TRAVEL LYSDESIGNAR: Simon Alvsvåg har dei siste seks åra jobba fulltid med lysdesign. Her frå heime på Innvær. Arbeidsplassen hans er på scenar og kulturhus i heile Noreg. Foto: Åsmund Nesse

Lysdesignaren

Simon Alvsvåg (29) har ein noko utradisjonell jobb. Han livnærer seg av å komponera lysdesign for artistar og teateroppsetjingar i vårt vidstrakte land.