Den 10. mai er det ganske ferske rockebandet frå Bergen, Gjenferd klare med deira aller første album.

Samuel Robson Gardner (26) frå Bømlo er bassist i bandet, og ser fram til å visa musikk som bandet har snekra saman dei siste åra.

– Eg gler meg veldig, men samstundes er det litt skummelt. Når du har laga eit produkt, så er det litt sårt, der ein spør seg «Vil folk lika det, eller ikkje?». Me har uansett laga eit album med låtar me har spelt inn og skreve i lag, og gjort vår greia utan å tenkja på kva andre vil synast. Det har vore kjekt, seier Gardner.

BASSISTEN: Bømlingen, Samuel Robson Gardner (26) spelar bass i bandet Gjenferd. Biletet er teken frå festivalen VillVillVest i Bergen. Foto: Martin Borge

Henta inspirasjon frå tungrockens barndom

På albumet har bandet henta inspirasjon frå den tunge rockens barndom frå slutten av 1960-talet til utover 1970-talet, då hammondorgel og veggar med gitarforsterkere dominerte scenane.

Då vart det lange kvelder med bråking, obskure 70-tallsplater og rigging av alt for tung Fender Rhodes som har resultert i eit album. Det blir beskrive som ein sonisk eksplosjon av seige og hardtslåande riff, elektrisk støy og idiotisk catchy vokalharmoniar.

Bandet har også hausta gode kritikkar for singelutgivinga «Starless» og albumet inneheld seks låtar.

I innspelingsprosessen av plata og arbeidet med låtane, så fortel bømlingen at bandet har jobba tett og godt i lag.

– Me har alle vore ein einheit i arbeidet med alle låtane frå skriving, produsering, miksing, og mastering. Her har alle røyster blitt høyrd i prosessen. I arbeidet kunne eg koma med bassriff, også ville andre tilføya sine idear til korleis det kunne bli betre. Så det har rett og slett vore ei samling av idear, som det til slutt har blitt låtar av, fortel han.

Bandet går under sjangaren psykedelisk heavy rock, og tek inspirasjon frå band som Black Sabbath og Uriah Heep, til norske band som Motorpsycho.

– Nokon synest me liknar litt på bandet Ghost, noko som kanskje seier seg sjølv med namnet, legg han til.

JOBBA SAMLA: Bandet har jobba samla om alle låtane på albumet. Foto: Vegard Ekberg

Blei starta som følgje av musikkstudiet

Gardner fortel at bandet blei starta på bakgrunn av då han gjekk på «Rytmisk musikk» ved Universitetet i Agder i Kristiansand, og skulle samla eit tilfeldig band for å framføra eit prosjekt som utøvande bassist.

– Då fekk me veldig gode tilbakemeldingar på skulen, og nokon kom til og med bort sa til oss at me berre «måtte» starta eit band i lag. Så der byrjar eigentleg historia vår, der me starta bandet offisielt i 2020, like før pandemien starta, fortel Gardner.

Sidan musikkstudiene på Sørlandet har bandet flytta til Bergen, men han medgir at det har vore litt utskifting av trommisar.

Trommisen som spelar på albumet, Hans Ure, er blitt erstatta av Sivert Kleiven Larsen. Ved sidan av han og Gardner, består også bandet av vokalist, Vegard Bachmann Strand og keyboardist, Jakob Særvoll.

OMSLAGET: Omslaget til det sjølvtitulerte albumet er laga av Robert Høyem. Albumet er ute på marknaden, fredag. Foto: Robert Høyem

Spelte for kongefamilien

Som musikar, byrja Gardner sitt nære forhold til musikken i ung alder i ein musikalsk familie.

26-åringen er oppvaksen på Halleraker, men har budd ulike stader på Bømlo i barndommen og har spelt i band sidan han var ti år.

Bømlingen gjekk på musikklinja på Stord vidaregåande skule i 2014 til 2017, der han mellom anna gjekk i lag med Stord-artisten Hilde Skaar.

– Eg spelte i band saman med ho ei stund etterpå. For fem år sidan var eg med saman med ho i bandet som bassist og spelte for kongefamilien i Chile. Det er ei oppleving eg aldri kjem til å gløyma, fortel Gardner.

Seinare har han som bassist gått frå popmusikkens verd, til rockens verd.

- Kva er det som inspirerer deg med å spela bass?

– Musikk handlar for meg om uttrykk og kjensle. Som bassist har eg lært å bli betre ved å spela saman med folk. Sjølv har eg ingen store forbilde, eg føler musikarar har ting ved seg som ein både likar og ikkje likar, men det har utan tvil vore mange som har inspirert meg til å bli den eg er. Tida på musikkonservatoriet og det eg lærte der, har vore avgjerande for meg, fortel han.

VG-LISTA: Dette er frå då han spelte med SKAAR på VG-Lista Topp 20-showet i 2019. Foto: Skjermdump

– Veldig bømlakjær

I dag bur Gardner på Eidsvåg i bydelen Åsane. Her fortel han om ein hektisk kvardag i byen mellom dei sju fjell.

– Det går mykje i øvingar i hytt og pine. Samstundes er eg lærar på andre trinn på barneskulen på Bønes. No ventar også seks konsertar med bandet framover, seier bømlingen.

Sidan han flytta ut, så har det blitt mindre heimturar tilbake til Bømlo. Det er spesielt ein ting han saknar med det.

– Stillheita. I ein by som Bergen, så får ein nesten aldri ro. Ein liten tur ut, så er det alltid noko som bråkar og brakar ein plass. På Bømlo kunne ein gå ein tur ut i naturen heilt aleine, og det einaste du høyrde var lyden av fuglane som sang i skogen. Det er noko inspirerande ved det, seier 26-åringen.

Trass i storbylivet og ein travel kvardag, så har han ikkje gløymd der han kjem frå.

– Eg er veldig bømlakjær, eg er det. Den oppveksten eg hadde der, kunne eg ikkje vore forutan, seier bassisten frå Bømlo avslutningsvis, som no ikkje kan venta med å få gitt ut debutskiva til bandet.