Første høve til å ta med strikketøyet inn i kinosalen blir komande torsdag. Då er det den norske filmen «Løvekvinnen» som står på plakaten. Filmen byggjer på boka til Erik Fosnes Hansen om ei ung kvinne som lever med langt lyst hår over heile kroppen. Det blir ny strikkekino 6. oktober. Då med filmen «Bridget Jones´Baby».

- Filmkompatibelt strikketøy

Kulturhusleiar Hanne Jacobsen seier strikkekino er prøvd med hell fleire andre stader. Ho tok kontakt med husflidslaget som med ein gong tente på idéen. Alle er velkomne på strikkekino, men det er særskilt tilrettelagt for strikking. Difor blir det litt lys i kinosalen slik at ein kan sjå strikket sitt, og det kan bli litt klirring i strikkepinnar.

Elisabeth Haldorsen er med i strikkekomitéen i Bømlo husflidslag. Ho seier det skyl ei strikkebølgje over landet. Husflidslaget har tidlegare skipa til strikkeferje på sambandet Langevåg-Buavåg og har sin eigen strikkekafé ein gong i månaden i Bømlo kulturhus. Det er også mange klubbar med strikking og fleire strikkekaféar i kommunen som ikkje er knytte til husflidslaget. Husflidslaget ønskjer samarbeid med andre lag velkomne, og håpet er at strikkekinoen kan samle strikkeglade frå heile kommunen.

- Me håper mange av dei som er strikkeinteresserte, tek turen til strikkekino her i kulturhuset, seier Haldorsen.

- Ein bør gjerne ha med seg strikk med enkelt mønster?

kulturhusleiar Hanne Jacobsen, leiar i Bømlo Husflidslag Sissel Nielsen Mæland, Marianne Rasmussen og Lisbeth Haldorsen.

- Ja, dei bør helst ha med seg filmkompatibelt strikketøy, ler Haldorsen.

Magnus og Kongens nei

Det blir altså to filmkveldar særskilt tilrettelagt for strikkeglade. For filminteresserte blir det mykje god film å sjå utover hausten. Ikkje minst blir det fleire gode norske filmar.

Alt no i september kjem dokumentarfilmen om sjakkverdsmeister Magnus Karlsen. Jacobsen seier dokumentarfilmen er ein lun og varm film.

Under filmfestivalen i Haugesund sat ho i juryen som kåra «Årets gledesspreder». Filmen «Magnus» vart tildelt denne prisen. Jacobsen seier ho vart litt overraska over at denne dokumentarfilmen om guten med det store sjakktalentet var full av humor.

Jacobsen ser også fram til å kunne syne «Kongens nei» for publikum. Filmen som handlar om dei første dagane etter at Noreg vart invadert i 1940.

- Det er ein utruleg flott, lærerik og tankevekkjande film som gir oss eit litt anna bilete av kronprins Olav.

Burning 2 og Star Wars

Ein tredje norsk film som mange ventar på er oppfølgjaren til publikumssuksessen «Burning». I Burning 2 skal det bli mykje bilkøyring på is og snø. Jack Reacher 2 «Never Go Back» med Tom Cruise er venta i oktober, og seinare i år kjem det også ein ny Star Wars-film. I jula får publikum dessutan sjå den første animerte spelefilmen basert på Torbjørn Egners Dyrene i Hakkebakkeskogen.

Det blir også i år kino på dagtid i haustferien, og 5. november er det klart for den store kinodagen.

Mykje å le av

Når det gjeld kulturprogrammet seier Jacobsen at det blir mykje humor og lett underhaldning i haust.

Bømlo Teater set opp komedien «Forviklingar i mørkeret». Nina Sele har regien for denne farsen med Geir Ersland, Jenny Larsen, Marianne Grønnevik, Frode Steinsland, Finn Daynes og Per Arne Moldøen i rollene. Det blir tre framsyningar i slutten av oktober.

Før den tid blir det standup i kulturhusfoajéen med Roar Brekke. Dette blir første gong kulturhuset har standup i foajeen. Morosamt blir det også med førestillinga «Margot - alt i boks» med Ina Breivik, kjent frå «Small, Medium og Extra large», og Øyvind Angeltveit. Dei to førre Margot-førestillingane er mellom anna nominerte til komiprisen.

Det blir også revy på kulturhusscenen i haust. Indremisjonsrevyen «Glimt i auga og gløtt av himmel» vart sett opp første gongen i samband med Indremisjonssamskipnaden IMS sitt 150-årsjubileum på Husnes i 2014. Revyen gir eit humoristisk tilbakeblikk på historia til IMS.

Gode samarbeid

Jacobsen seier kulturhuset har mange gode samarbeidspartnarar i samband med aktivitetane i kulturhuset i haust. Bømlo Husflidslag og Bømlo Teater er nemnt. Nyleg var det danseframsyning for fullsett sal med Absence Crew i regi av Riksteatret. I forkant av framsyninga heldt dansarane foredrag på Bremnes ungdomsskule og hadde work shop for dansarar i kulturskulen.

Sunnhordland senioruniversitet har sin heim i Bømlo kulturhus. Nyleg heldt professor Jørn Øyrehagen Sunde foredrag med nabostrid og dugnad som tema. Neste ut er professor Astri Andresen som skal halde foredrag om samepolitikken etter 1945.

Tradisjonen med jazz og bokbad held fram i haust. Her oppstår det eit nytt samarbeid.

- I november samarbeider me med den nynorske barnebokfestilvalen Falturiltu på Stord. Då får me besøk av nynorskforfattaren Agnes Ravatn og Kristina Bjordal, seier Jacobsen.

Neste bokbad er derimot 8. oktober. Då kjem Michael Wallace Quartet.

Frå Min kamp til Julehuset

Ein av dei store framsyningane i Bømlo kulturhus i haust er Riksteatret si framsyning «Min kamp», basert på bøkene til Karl Ove Knausgård. Den blir å sjå i kulturhuset 2. november.

- Det har blitt ei veldig morosam framsyning som har fått gode kritikkar. Den gler me oss til. Bøkene hans var populære på biblioteket, og eg trur ikkje dei som likte bøkene blir skuffa over teaterframsyninga, seier kulturhusleiar Jacobsen.

Marknadsføringsansvarleg Hans Olav Molde seier dette er ei framsyning som også kan fengje ungdom som går på vidaregåande skule.

For dei yngste er det to andre framsyningar som kan freiste. I slutten av haustferien er det ei teaterframsyning, «Treet». for dei minste i alderen 0-6 år. Førestillinga handlar om livet i eit tre, og barna får møte figurane etter framsyninga.

Førestillinga »Fabeldyret og hvor de er å finne» er også på trappene og kan bli å sjå i kulturhuset i haust. Det er ei førestilling basert på ei bok skrive av Harry Potter-forfattar J.K Rowling.

I byrjinga av desember blir det som vanleg Julehuset. Denne førestillinga markerer sitt 20-årsjubileum i år.

Klassisk musikk

I tillegg til alt dette vil også dei som er glade i klassisk musikk få ein godbit. Vertavo-kvartetten kjem nemleg 1. november. Her har Bømlo kulturhus eit samarbeid med Stord kulturhus, Oseana kunst- og kultursenter og Voss kulturhus. Kvartetten skal vitje alle desse stadene.

- På Os blir det utvikla eit undervisningsopplegg i samband med konserten, og det blir eit samarbeid med kulturskulen her hos oss. Elevane får jobbe med musikken i forkant. Mellom anna ligg musikken inne på data slik at ein til dømes kan høyre eitt og eitt instrument, fortel Jacobsen.

Dermed får kulturskuleelevane større utbytte av konserten.

Tre dagar med Sivertsen

Det skjer mykje spennande i desember. Det er i år ti år sidan Kenneth Sivertsen døydde, og Bømlo kulturhus går saman med Bømlo kulturskule, Griegakademiet, Moster Amfi og Remembering Kenneth om å hylle Sivertsen tre dagar til ende. Konsertane blir kalla «3 days in december», og tittelen speler litt på platetittelen til Sivertsen, «One day in october». Mellom dei mange som står på scenen desse tre dagane i desember er Eik, Hanne Bergheim, Arne Kvarven og altså representantar for Griegakademiet.

Eitt av dei mest populære arrangementa i kulturhuset si historie er «Julasong» 2. juledag. Konserten med lokale kulturkrefter er blitt tradisjon, og det blir Julasong også i år. Billettane blir lagde ut for sal i byrjinga av oktober.

I desember blir det også som tidlegare år juleverkstad i foajéen.