| Ingvild Sjo

Nina Sele fyller rollene med seg sjølv, anten ho er kaklande fjørkre, nonne, elefant, enkefru, gamle Gunbjørg, Gina Krogh ... Talet på kvinnetypar og dyreskikkelsar ho har skildra har ho ikkje tal på. Til og med mann har ho spela i ulike variantar. Er det nokon kvinnetypar ho ikkje har skildra? Nina Sele drikk kaffi på kafeen HiSio og knip augo litt saman. Ho tenkjer så det knakar.

– Dei raudnande ungpikerollene, dei har eg aldri fått! konkluderer ho etter ei stund. Og legg til:

– Det seier seg vel litt sjølv, haha.

Snusfornuftig

Alt på ungdomsskulen visste Nina kva ho ville bli. Skodespelar.

Men som den snusfornuftige jenta ho var, sa ho det slik: «Eg vil bli skodespelar, men det er meir realistisk at eg blir lærar». Nina Sele kosar seg ved å tenkja tilbake på den veslevaksne utgåva av seg sjølv. Men no viser det seg forresten at ho hadde litt rett òg den gongen.

Oppsetjinga «Sviker» med kompaniet Scenekraft ved Haugesund Teater har fått strålande kritikkar. Nina Sele spelar frontsøstera Astrid; ei rolle laga spesielt for henne. Foto: ØYVIND SÆTRE.
Nina Sele som elefant i «Jungelboken». Slikt kan det vera verdt å få med seg. Foto: GRETHE NYGAARD.

Nina Sele underviser i 30 prosent stilling i teater for Bømlo kulturskule. Ho likar den jobben og får seg dessutan ein tur heim til Bømlo. Slik held ho seg kjend med miljøet som i si tid la grunnlaget for at ho ville bli scenekunstnar.

Bømlo Teater

– Begge foreldra mine var aktive i Bømloteateret, seier Nina om ein oppvekst der førestillingar blei til. Ikkje berre arbeid på sceen, men bak scenen, og i miljøet rundt, med heile prosessen som fører fram til premiere. Denne bakgrunnen ligg der og byggjer under satsinga når Nina er i gang med eit nytt prosjekt. Ho er 38 år og har 15 år bak seg som allsidig skodespelar og formidlar.

– Du er i din beste alder.

– Ja, men eg har funne ut at eg alltid er i min beste alder. Det fann eg ut ganske tidleg, smiler ho.

Amerika

Å vera grunnleggjande trygg på seg sjølv, det er eit godt utgangspunkt for ein som skal takla utfordringar framfor publikum. Nina Sele har ei anna røynsle som òg bidrog til dette i ungdomstida. Då ho var 16 år reiste ho åleine til California og gjekk på highscool i eitt år. Budde hos ein familie og hadde det veldig gøy og lærerikt.

– Då lærte eg å stola på meg sjølv. Det er ein bra ting, seier ho. Den eigenskapen har ho til fulle fått bruka i rolla som ei frontsøster som vart dømd for landssvik.

Svikar

Den første hovudrolla til Nina Sele er ei rolle skriven til henne sjølv. Initiativet kom frå teaterkompaniet Scenekraft, etter at dei hadde sett ein dokumentar om Røde Kors sine frontsøstrer som etter teneste i Tyskland under krigen, vart dømde for landssvik i Noreg.

– Eg visste ikkje om det. Hadde aldri høyrt om det! seier ho om skjebnen til desse kvinnene. Manusforfattar Marius Leknes Snekkervåg tok oppmodinga, og nokre år etter var manus til «Sviker» klart. Soga om frontsøstera Astrid vart ei forteljing verdig Nina Sele sitt karakterspel, og kritikkane har vore strålande. Etter åtte førestillingar for Scenekraft ved Haugesund Teater i april, står det to att i Oslo i juni under Hedda-dagane.

– Han skreiv rolla til meg, og det er det heilt fantastisk å få oppleva, seier Nina Sele. Ein så god tekst har ho aldri jobba med før. Som medspelar har ho Ola Magnus Gjermshus. Dei to utfyller kvarandre i samspelet og er glade dei får ein sjanse til å spela stykket igjen i sommar. Det er vanskeleg å ta ein brå farvel med godt arbeid.

Innanfrå

Når Nina Sele arbeider seg inn i ei rolle, arbeider ho ut ifrå sine eigne røynsler og brukar eigne kjensler. I rolla som frontsøster Astrid er det mykje sterke kjensler. Nina spelar Astrid som ser tilbake til det som hende då ho var ung, og ho spelar Astrid som gammal mor som blir konfrontert med landssvik av sonen sin. Det høyrest ut som ekte fortviling, som ekte sinne. Nina Sele forklarar at ho brukar det som dei i skodespelaryrket kallar «det magiske hvis». Ein spør seg: Kva om eg var denne personen. Ein uttrykkjer seg slik ein trur eins eigne kjensler ville vera i den situasjonen.

– Og det kan vera ganske overraskande, seier ho.

– Men blir du ikkje heilt gåen av å gå inn i så sterke kjensler?

– Det er jo ein teknisk ting. Når eg står og gaular; det er jo ikkje min aggresjon, ikkje mine kjensler, seier ho om skodespelarteknikk. Og når ho er sint, då synest folk det er litt løye å sjå. Nina Sele er svært sjeldan sint. Det må ein betala teaterbillett for å sjå.

Utanfrå

Som elefant, derimot, nyttar det lite å ta av seg sjølv. Der må ein til zoologien. Nina Sele veit ikkje kor mange dyr ho har studert rørslene og faktene til. Då kjem teknikken utanfrå; frå etterlikning av observasjonar. Nina Sele synest mangfaldet i rollekarakterane hennar er med på å gjera jobben hennar til det kjekkaste ho veit.

– Eg er heldig! seier ho. Rett nok arbeider ho i ein liten by og må vera open for å ta dei jobbane som der finst. Men ho har heller ikkje valt skodespelaryrket fordi ho ville bli berømt.

– På ingen måte! Eg er så utruleg glad for at ein ikkje blir berømt av å spela teater i Haugesund.

Bømlo-nytt er ikkje heilt sikker på det siste.

ingvild@bomlo-nytt.no