Bømlingen frå Kvinnherad: For 20 år sidan flytta Totland frå Bømlo til Kvinnherad. No har han busett seg i Valen kor han jobbar som forfattar. Nyleg gav han ut ei sakprosa for vaksne, samstundes som ei anna bok allereie rullar gjennom trykkeriet. Foto: Carina Wangensten

Ein prat på trappo – med Anders Totland

Den lokale forfattaren har alltid eit nytt prosjekt på gang. Blant dei 11 bøkene han har gitt ut sidan 2015, finn du alle slags sjangrar og tema, frå vampyrar og romfart til livskriser og kjærleiksintriger.