annonse

Klare for premiere

Øving
Øving: Måndag var skodespelarane klare til å øva gjennom akt to av Mostraspelet; I slik ei natt. Her står Sigurd Sele og Torleif Stokke i fullt kostyme og i karakter. (Foto: )
Klar
Klar: Petter Tveit har fått på seg kostyme og er klar for øving.
Regi
Regi: Svein Tindberg og Nina Sele har regien. Under øvinga gjorde ei problematisk kappe at dei måtte opp å retta litt i seremonien. (Foto: )
: (Foto: )

På Moster Amfi er dei i full sving med øving. Til helga brakar det laus med premiere på Mostraspelet.

Carina Wangensten

Dei om lag 80 skodespelarane har sidan april vore i full gang med øving. Om nokre få dagar skal replikkar, kostyme, orkester og skodespelarar vera klar til premiere. «I slik ei natt», som sogespelet heiter, skal ha framsyning for tredje året. Dagleg leiar i Bømlo Teater, Øystein Kausrud gler seg til å opna dørene.

– Det er ein god gjeng som jobbar frivillig her for å få alt dette til. Dei gjer ein strålande jobb. Dette skal bli kjekt, seier Kausrud.

Tysdag var dei klar til full gjennomgang.

– Me gjekk roleg gjennom første akt på laurdag. I dag skal me ha gjennomgang av andre akt og tysdag skal det vera klart til full gjennomgang av stykket, seier den daglege leiaren.

Karakterar

Teaterstykket vart skrive av Svein Tindberg, som òg har regien saman med Nina Sele i år.

– I 2014 bestilte Bømlo teater ei heilt ny førestilling. Me valte å spørja Tindberg, sidan han kjenner til området, skodespelarane og folka, seier Kausrud.

Teateret hadde nokre ynsker når det nye stykket skulle skrivast: Det skulle ikkje berre vera lagt opp til hovudkarakterane, men statistane skulle få ei rolle dei òg. I tillegg ville dei at rollene skulle passa skodespelarane.

– Det som er så fint med at Tindberg kjenner miljøet her så godt, var at han kunne skreddarsy karakterane etter skodespelarane, seier Kausrud.

I år er òg første året dei får med seg Sigurd Sele i rolla som Sigurd.

– Det er me veldig nøgd med, sidan rolla opphavleg vart skriven til han, seier Kausrud.

Handling

Teateret ynskte også å skilja det gamle stykket frå det nye.

– Me var veldig bevisst på at dette ikkje skulle bli ein oppfølgjar, men eit heilt nytt teaterstykke, seier Kausrud.

Medan det gamle spelet haldt seg til Moster, får me i dette stykket vera med på ein lenger reis, mellom anna til England og Cadiz.

– Her følgjer me Olav Haraldson og får vitna utviklinga hans frå å vera ein brutal vikingkonge og mordar, til den helgenstatusen han fekk, seier Kausrud.

Sjølv om det er tredje gongen stykket blir spelt, trur ikkje Kausrud me kan forventa oss at det blir heilt likt som sist.

– Det er viktig å ikkje stagnera. Når ting skal gå om att, er det viktig at det ikkje blir ein repetisjon av det som har vore. Difor strevar me alltid etter å vidareutvikla skodespelet. Det synest eg at dei har gjort ein fin jobb med i år, avsluttar Kausrud.

carina@bomlo-nytt.no

Klikk for å sjå kommentarar ()

Her kan du fritt koma med synspunkt og informasjon. Me krev fullt namn. Då blir det meir interessant for andre å lesa det du skriv. Trakassering, truslar, hatske meldingar eller reklame er ikkje godteke på bomlo-nytt.no. Falske profiler blir utestengde. Ver sakleg og vis respekt når du kommenterer.