Kulturminister Abid Raja (V) legg onsdag fram ein krisepakke for kultur- og idrettssektoren.Foto: Terje Pedersen / NTB scanpix / NPK

Krisepakke på 900 millionar til kulturlivet, idretten og det frivillige

Regjeringa legg fram ei kompensasjonsordning for kulturlivet på 300 millionar kroner og ein tilsvarande for idretten og det frivillige på 600 millionar.

Ordninga er meint å kompensere for bortfall av inntekter frå billettsal og deltakaravgifter, og dessutan meirutgifter som følgje av at arrangement må avlysast eller utsetjast på grunn av koronaviruset.

I første omgang skal ordninga kompensere for arrangement som skulle vorte haldne mellom 5. mars og ut april.

Kultur- og likestillingsminister Abid Raja (V) viser til at det no er veldig krevjande tider for kultur-, frivillig- og idrettssektoren.

– Regjeringa vil gjere det vi kan for å avhjelpe situasjonen, og eg er glad for å presentere kraftfulle tiltak, seier han i ei pressemelding.

– Vil vi halde fram med å følgje opp i dialog med organisasjonar, foreiningar og lag, selskap og verksemder, og kontinuerleg vurdere fleire tiltak, seier Raja.

Ordningane blir forvalta av høvesvis Kulturrådet og Lotteri- og stiftelsestilsynet, med den tekniske løysinga for begge ordningar i Lotteri- og stiftelsestilsynet.