Får valentindikt: Tone Hessevik på Bømlo folkehøgskule (biletet) får på valentinsdagen eit dikt frå Kristian Sørlien via Bømlo-nytt. Foto: Privat

Kristian har skrive valentindikt til Tone

Elevane på Bømlo folkehøgskule har denne helga blitt tildelt kvar sin Valtentin. Kristian Sørlien sender sitt valentindikt til Tone Hessevik via lokalavisa.

– Årsaka til at eg skriv nett til ho er at me her på folkehøgskulen er blitt plasserte i par som kvarandre sin Valentin denne helga. Eg var då så heldig at eg fekk vera med Tone, og sidan ho fortener berre det beste vil eg gjerne gjere dette for ho, skriv Kristian i ein e-post til Bømlo-nytt.

Han takkar for at han får senda dikt til sin Valtentin på sjølvaste valentinsdagen, 14. februar, igjennom lokalavisa

– Eg tykkjer også det er veldig fint med litt koselege nyhende i ei tid som elles kan vera krevjande for mange. Igjen tusen takk for at de ville hjelpe meg, og riktig god helg! skriv han. Kristian sende også dikt via lokalavisa til sin utvalde valentin i fjor. Då var det hemmeleg valentin. I år var det ikkje hemmeleg valentin, slik at alle elevane veit kven deira utvalde valentin er.

Les også
Emma får dikt av sin hemmelege «valentinar»

Sørlien seier Tone Hessevik har godkjent at bileta av ho blir publiserte i Bømlo-nytt i denne samanhengen. Det flotte diktet hans kan du lesa under. Me gratulerer samstundes med dagen, anten de feirar valentinsdagen, morsdagen, fastelavn eller alle tre.

Dikt til Tone

Kjære Tone min

Du som er så vakker og fin

Du er min nydelige valentin

Du er den vakreste juvel i mitt smykkeskrin

Jeg ønsker deg en vakker dag

Med kjærlighet av alle slag

Artikkelen held fram under annonsen.

Du Tone gjør helgen perfekt

Som en deilig eske med konfekt

Til sist vil jeg bare si at for deg

Vil jeg gå enhver lang veg

For vår kjærlighet

Er den vakreste mulighet

Les også
Kjærleik som ikkje går ut på dato
Får valentindikt: Tone Hessevik på Bømlo folkehøgskule (biletet) får på valentindagen eit dikt frå Kristian Sørlien via Bømlo-nytt. Foto: Privat

via GIPHY

Valentindagen

* Valentinsdag (St. Valentines Day eller San Valentin) blir markert både i verdsleg og kyrkjeleg samanheng. Denne hjartedagen, eller kjærleiksdagen, blir feira ved at gåver eller blomar, konfekt og kort blir gitt til den utvalde.

* Det finst to helgenar med namnet Valentinu s, og begge blir feira 14. februar. Den eine var romersk prest, medan den andre var biskop av Terni. Begge vart drepne rundt år 270.

* Ifølgje Store norske leksikon er legendene rundt dei to vage og lite truverdige, og det er ingen parallellar mellom dei og elskande par og romantikk, som valentinsdagen er kjent for.

* 14. februar skal først ha blitt knytt til romantisk kjærleik i krinsen rundt diktaren Geoffrey Chaucer. Han døydde i år 1400. I eit dikt skreiv han at fuglane søkte make på St Valentin sin dag.

* Ein gammal romersk skikk var å velje partnar i midten av februar, i tilknyting til den romerske Juno-festen. Festen vart skipa til for å heidre gudinna som er beskyttar av ekteskapet. I Roma vart det dessutan feira ein årleg Lupercalia-festival på denne tida av året. Festivalen skulle halde vonde åndar på avstand, reinse byen og fremje helse og fruktbarheit.

* I 496 bestemte pave Gelasius at 14. februar skulle feirast til ære for helgenen Valentin.

* Tradisjonen med å uttrykkje kjærleik med blomar, konfekt eller kort (valentinar) skal skrive seg tilbake til 1700-talet. Nokre stader i Europa var det vanleg å gje ein St. Valentin-nøkkel som mottakaren kunne låse opp gjevaren sitt hjarte med.

* Her i Noreg har ikkje valtentindagen vore vanleg å feire på samme måte. Her har det å gje merksemder til sin kjære 14. februar røter i den amerikanske tradisjonen. Ei undersøking i 2010 synte at kvar tredje person ville gje ei merksemd til ein kjærast eller ven på valentinsdagen.

* Fem år seinare sa 73 prosent av dei spurde i ei undersøking at valtentindagen ikkje var ein viktig merkedag. Den yngre generasjonen er likevel meir oppteken av valentinsdagen enn dei eldre.

Kjelde: Store norske leksikon