Songkvartett: Kvartetten består av Snorre Fånes (1. tenor), John Henrik Møllerhagen (2. tenor), Simon Grønås (1. bass) og Kristian Arntsen (2. bass). Foto: Privat

Litt Av Kvart i Salem

Fredag i neste veke skal dei syngje under Moldejazz, men før den tid kan du oppleve songkvartetten Litt Av Kvart med bømling Simon Grønås i Salem på Moster.

I morgon kveld, måndag, er det duka for konsert i bedehuset Salem på Moster. Då kjem songkvartetten Litt Av Kvart på vitjing.

På turné

Bømling Simon Grønås (1. bass) utgjer ein fjerdedel av kvartetten, som elles består av Snorre Fånes (1. tenor), John Henrik Møllerhagen (2. tenor) og Kristian Arntsen (2. bass).

Kvartetten er basert i Trondheim, og syng som namnet tydar på litt av kvart. På repertoaret står alt frå barbershop, salmar og sviskar til tradisjonell mannskor-song.

— Kvartetten har sunge saman ved ulike høve sidan 2018, og i år er me på vår første turné. Den har fått namnet «Fra bygd til bygd», og speglar at me reiser rundt i distriktet og held gratiskonsertar. Sidan me er frå forskjellige stader i Noreg har me prøvd å leggja turnéen innom heimstadene våre. Denne helga har me hatt konsert i Lena på Toten, og i dag, sundag, drar me vestover til Bømlo. Deretter held me fram oppover vestlandet, og heilt til Trøndelag, der turnéen avsluttast på Skatval. Fredag 23. juli skal me syngje på Moldejazz, i Alexandraparken, fortel Grønås, og legg til:

— Me gler oss masse til å komme til Bømlo og syngje i Salem, seier han om konserten som altså blir i morgon kveld, måndag.

Songkvartett: Kvartetten består av Snorre Fånes (1. tenor), John Henrik Møllerhagen (2. tenor), Simon Grønås (1. bass) og Kristian Arntsen (2. bass). Foto: Privat