Ønskjer innspel: Dagleg leiar Elsa Aanensen i Moster 2024 AS ønskjer innspel til aktivitetar i samband med tusenårsjubiléet. Foto: Peter Tubaas

Moster 2024 lanserte nettside

Bømlo kommune og Vestland fylkeskommune har etablert selskapet Moster 2024 AS, som skal planleggje og gjennomføra tusenårsjubiléet på Moster i 2024. Fredag vart det lansert ny nettside.

Det melder det nye selskapet i ei pressemelding. Her går det fram at Moster 2024 AS er i gang med arbeidet.

Riksjubileum

Om fire år blir det markert at det er tusen år sidan Kristenretten vart innført i Noreg. Det skjedde på Moster i 1024.

– Me har starta prosessen med å planleggja eit nasjonalt jubileum, som skal gå føre seg på Moster i 2024, men me legg opp til aktivitetar alt frå hausten 2020. Jubiléet skal famne heile Noreg, og har barn og unge som hovudmålgruppe, Arbeidet skal ha særleg fokus på verdigrunnlaget Noreg er bygd på i dag, og me ynskjer å skape refleksjon og debatt kring det, heiter det i pressemeldinga.

Ny visuell profil: Slik ser den nye logoen til tusenårsjubiléet ut. Foto: Moster 2024 AS

Ny nettside

No håper det nystarta selskapet på gode innspel frå publikum i arbeidet med tusenårsjubiléet.

– Jubileumsselskapet legg vekt på stor grad av medverknad i prosessen fram mot 2024, og ynskjer innspel til jubileumsaktivitetar, skriv dagleg leiar Elsa Aanensen.

Ho fortel at det er laga nye heimesider på nett for selskapet. Produksjonen av heimesidene og den visuelle profilen er det Opplett AS som står bak, med mostring Lisa Andvik Berge i brodden. Kontorstad for selskapet er Moster Amfi.