I slik ei natt: Bømlo Teater melder at årets framføringar av «I slik ei natt» er avlyste. Arkivfoto. Foto: Håvard Hammarstrøm

Mostraspelet blir avlyst

Bømlo Teater skriv i ei pressemelding at årets utgåve av Mostraspelet blir avlyst.

– Det er tungt å melde at Mostraspelet 2020, «I slik ei natt», blir avlyst. Me gjorde først eit forsøk på å flytta framsyninga frå juni til august, men etter at regjeringa forlengja forbodet mot arrangement over 500 til 1. september kan me ikkje avvikle årets spel, skriv teatersjef Øystein Kausrud i pressemeldinga. Han karakteriserer avgjerda som svært beklageleg. Det har vore ei krevjande avgjersle å ta, skriv han.

– Denne situasjonen er ute av vår kontroll, men me må sjølvsagt rette oss etter desse føringane for å hindre smittespreiing.

Billettar blir refunderte

Avslutningsvis takkar Bømlo Teater alle aktørar, produksjonsapparatet og støttespelarar for forståing og positive innstilling i denne prosessen.

– Sjølv om me må avlyse årets Mostraspel vil me komma sterkt tilbake med andre framsyningar og produksjonar framover, så fort det blir mogelegheit til det. Me gler oss til me kan samlast igjen, både aktørar og publikum, og skape gode opplevingar saman etter denne utfordrande perioden, skriv Kausrud. Han opplyser samstundes at billettane som så langt er selde vil bli refunderte.