Bømlo-Nytt

Kultur

Ole's Music fekk musikkontrakt med Pinterest

Ole's Music fekk musikkontrakt med Pinterest

Ole Torkelsen frå Moster har bygd seg eige studio bak huset der han miksar og spelar inn musikk som han publiserer på Spotify og YouTube. Nyleg fekk han stornapp.

– Eg trudde først det var tull, seier han om då det internasjonale nettselskapet Pinterest ville ha kontakt med han. Dei kom med mange innspel både på Instagram og mail, og etter kvart svara han. Då kom det eit veldig seriøst svar tilbake.

Ikkje lenge etter hadde han kontrakt med selskapet der det står at Pinterest får bruka musikkstykket «Morning Mood» i eitt år. Det skal dei bruka til ein kampanje.

Se dette bildet i full størrelse
 - MORGONSTEMNING Eller «Morning Mood» som melodien heiter på Ole’s Music på Spotify, her skildra med Siggjo i bakgrunnen. Biletet er ein skjermdump frå Spotify.

MORGONSTEMNING: Eller «Morning Mood» som melodien heiter på Ole’s Music på Spotify, her skildra med Siggjo i bakgrunnen. Biletet er ein skjermdump frå Spotify.

– Det må no vera seriøst, for no har dei betalt, smiler Ole. 1.500 dollar er veldig kjekt å få i respons. Det har kosta både tid og pengar å byggja eige studio. Pinterest fann melodien til Ole på YouTube. No håpar han at fleire vil oppdaga musikken han produserer.

Fleire album

Musikken som fengja Pinterest er frå albumet «Classical Inspirations – A rock Album». Her har han remixa og rocka opp 15 kjende verk av komponistar som Vivaldi, Bach, Tsjaikovski, vår eigen Grieg, og andre. Det er Ole sin versjon av «Morgenstemning» av Grieg Pinterest skal bruka. Det er ein mektig elgitarversjon, litt slepande i rytmen, og Ole har han lagt inn eit eige parti inspirert av gitaristen Gary Moore der røffe bluestonar får flyga fritt over Grieg sitt tonebilete, før det verdskjende temaet til melodien kjem tilbake i friskare tempo. Pinterest skal bruka eitt minutt og tretti sekund av melodien.

– Det er jo artig at dei likar musikken min! seier han om «Morning Mood». Eirik Wathne Skimmeland frå Moster spelar slagverk på denne innspelinga.

Se dette bildet i full størrelse
 - BYGGJER SEG OPP Samlinga med pedalar veks.

BYGGJER SEG OPP: Samlinga med pedalar veks.

I albumet «Ole’s Electro Tape» er det tekno som er grunnlaget. Her er fleire remiksar, blant anna av Bond-musikk, og det går i tekno, men her er òg akustiske innslag. Ole Torkelsen viser at han meistrar gitaren i ulike genrar, og han er for det meste sjølvlært. Han spelar bassgitar og evnar å skapa stemning med ulike effektar.

Autodidakt

– Korleis har du blitt så god til å spela?

– Eg er veldig interessert i musikk og høyrer mykje på musikk, på forskjellige artistar. Sit og klimprar på gitar og då blir ein jo inspirert, seier han om interessa som for alvor starta i 8. klasse. Då byrja han å spela gitar. Stevie Ray Vaughan er eit stort førebilete. Led Zeppelin eit anna. Han har brukt gitarbøker, og har spelt litt med Bjørn Seglem, og han har lært mykje av YouTube. Der fann han info og han lærte å spela skala og fann ut korleis ting hang saman. Så har han bygd på kunnskapen ut etter kvart og øvd og øvd. Spelt og spelt.

– Du har nådd eit ganske høgt nivå med å læra deg ting sjølv?

– Jo, takk. Ein kjem langt om ein berre spelar mykje. Det er det som er trikset, seier han.

– Men spelar du åleine?

– For det meste, men eg likar godt å samarbeida med andre. Mest med Eirik Wathne Skimmeland som spelar trommer, men han bur jo i Oslo så det kan ikkje bli så ofte, så no har eg har måtta læra meg å spela trommer sjølv òg, ler Ole.

Ein annan god samarbeidspartnar er Roy Kristoffer Bærøy som syng country og blues. På singelen «There’s gonna be trouble» er dei fire som spelar.

– Det er gøy! seier Ole som set pris på lokalt samarbeid. Han kunne godt tenkt seg å spela i band òg, men for tida er det studioet som har mest fokus.

– Så her går det an for ein songar å koma for å spela inn musikken sin?

– Ja, eg håpar jo at eg kan få oppdrag slik at eg på sikt kan leva av dette. Det hadde vore kjekt å få oppdrag for artistar, men slikt tek jo tid, seier Ole som er utdanna styrmann og for tida arbeider han som dekksarbeidar på plattform i Nordsjøen.

Brukar fritida

Det gjev friperiodar, og den tida brukar han gjerne i studio. Det har han bygd sjølv, og det er lagt til rette for at rommet kan utvidast med tida.

– Det var mykje arbeid å byggja, men eg synest eg har fått det bra til no, seier han og er ekstra nøgd med takhøgda som gjev studioet ekstra løft. Lyddempande plater for å betra akustikken har han kjøpt på ebay.

– I starten hadde eg mykje dårleg studioutstyr, men eg har kjøpt inn nye ting litt etter litt, og no er det blitt ganske bra, seier han. Det same gjeld oppdatering av studioprogram som han brukar til miksing.

 - OLE’S MUSIC Når ein har eit eige studio, så treng ein ikkje pakka opp og ned utstyr heile tida. Ole Torkelsen bygde seg like godt eige studio i hagen bak huset på Moster for å ha ein god speleplass. No er det blitt så bra at han kan invitera artistar velkommen til samarbeid.

OLE’S MUSIC: Når ein har eit eige studio, så treng ein ikkje pakka opp og ned utstyr heile tida. Ole Torkelsen bygde seg like godt eige studio i hagen bak huset på Moster for å ha ein god speleplass. No er det blitt så bra at han kan invitera artistar velkommen til samarbeid.

Har miksa lenge

Ole Torkelsen er ein ekte autodidakt. Han finn ut av ting og lærer seg stadig noko nytt. Også miksing.

– Korleis lærer du deg det?

– Eg har jo miksa i mange år. Byrja i det små med å læra å spela gitar, og så etter kvart skulle eg spela inn. Då lærer ein det jo, seier han om prøving og feiling og stadig å setja seg inn i nye ting. Og han legg til at det er jo i studioprogrammet på dataen at det meste skjer.

– Men syngja då?

– Nei, det overlèt eg til andre. Eg har prøvd, for eg skulle gjerne kunna syngja, men eg synest ikkje eg har noko til songstemme, seier han om det. Då er det kjekt å få jobba med nokon som er gode på det.

– Og eg håpar jo med tida at eg kan få oppdrag for artistar, men eg veit at det kan ta tid, seier mostringen som ventar på nye napp på internett.

FAKTA SOSIALE NETTVERK:

* Pinterest: Deling av foto/film av ulike interesser. Kring ein million nordmenn har profil. Pinterest aukar mest, med 200.000 nye brukarar i halvåret. 

* Spotify: Streameteneste av musikk. To millionar nordmenn er brukarar.

* YouTube: Deling av video. Tre millionar nordmenn brukar YouTube kvar månad. I, 5 mill. nordmenn har eigen kanal.

* Instagram: Deling av foto/film. 2,4 millionar norske brukarar.  

* Facebook: Sosialt medium, 3,5 millionar norske brukarar. 

* Snapchat: Sosialt medium, 2,5 millionar norske brukarar. 

Kjelde: DMT AS.

ingvild@bomlo-nytt.no