Russen varmar opp for Heine: Sporty russ stilte opp på kort varsel for «Sterkare saman» og Bømlo Hotell. Her frå filminnspeling i Rubbestadneset. Foto: Håvard Hammarstrøm

Russen varmar opp for Heine Totland

Årets russ stiller opp for «Sterkare saman» og Bømlo Hotell. Fredag varmar dei opp for Heine Totland og band med dans.

Jan Arvid Monsen i Marine Profile tok nyleg initiativet til ein støttekonsert for Bømlo Hotell under slagordet «Sterkare saman». Hotellet er blant verksemdene som er hardt råka av koronakrisa, og Monsen såg eit høve til å støtte både hotellet og artist Heine Totland ved å skipe til ein konsert på hotellet.

Dansa i Rubben: Filmen, der russen dansar for «Sterkare saman», vart spelt inn på Rubbestadneset stadion tysdag kveld. Foto: Håvard Hammarstrøm

Fekk med seg sponsorar

For å kunne gjennomføre konserten, har Monsen fått med seg eit lag av sponsorar som dekkjer utgiftene til Heine Totland med band. I tillegg er det lagt ut 25 billettar for sal til det vesle publikumet som kan vera fysisk til stades under konserten. Tidlegare denne veka var det framleis nokre billettar igjen for sal.

Konserten på hotellet kommande fredag vil bli filma av Bjørn Kjetil Ljosdal, og overført direkte både på Facebook-sida til Bømlo-nytt og på www.bomlo-nytt.no. Her vil det også bli høve til å vippse eit frivillig beløp. Pengane som kjem inn her vil gå til å støtte opp om hotellet på Bømlo.

– I tillegg har me leigd inn «Gå på», som skal gå frå Langevåg til Rubbestadneset med sponsorane i forkant av konserten. Dette er også ein vinn-vinn-situasjon. «Gå på» har også fått mange kansellerte ordre som følgje av koronakrisa, seier Monsen til Bømlo-nytt.

Les også
Lasse på hotellet tatt på senga

Russen stiller opp

Laurdag kveld, ei knapp veke før konserten, fekk Monsen ein idé medan han stod og spylte terrassen. Kunne det vera ein tanke å få årets russ med på eit stunt i samband med konserten? Russen har som kjent fått amputert russetida si grunna koronakrisa. Monsen tok kontakt med russepresident Stian Oldereide, og spurde om russen ville bli med på å spele inn ein musikkvideo, og russen takka ja til å stille opp på kort varsel. Med seg fekk dei Hilde Hoff Andersen som dansekoordinator. Ho instruerte og hadde oppvarming for 12 russ før dansen vart filma på Rubbestadneset stadion tysdag kveld.

Dansen vart filma av Ljosdal på bakkeplan, medan Geir Einarsen filma med drone frå lufta. Med dette som utgangspunkt produserer Ljosdal no ein dansevideo, som altså vil bli synt som oppvarming til konserten med Heine Totland og band på fredag. Monsen gir uttrykk for at det var sporty av Hoff Andersen og Einarsen med dronen å stille opp svært kort varsel.

– Og Bjørn Kjetil er flink. I dag er det tysdag, så han har kort tid på seg til redigering. Det er kjekt at me får med oss ungdomen òg. Eg håper dette kan skape litt god stemning på nettet heime i stovene, seier Monsen, medan russen svingar seg til «Who Let The Dogs Out» nede på kunstgraset.

Spelte inn dansevideo: Bjørn Kjetil Ljosdal filmar her dansande russ i Rubbestadneset. Foto: Håvard Hammarstrøm

Kjekt å kunne bidra

Under ei pause i filminga vedgår russepresident Stian Oldereide overfor Bømlo-nytt at han i byrjinga var litt usikker på kva russen eigentleg vart spurd om å vera med på. Etter kvart som han fekk meir informasjon om «Sterkare saman», vart han overtydd om at dette var noko positivt som russen kunne støtta opp om. Då også resten av russestyret slutta opp om dette var saka klar.

– Me fann ut at dette var ganske kjekt å kunne vera med på.

– Fortel litt om dansen?

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dette er ein dans som to i russestyret laga til Løp for livet-konserten. Me bestemte oss for å gjera den her også, svarer han. Dei to som har laga koreografien er Vilde Teige og Armita Abedi Azar.

– Dette har vore ganske kjekt, seier Oldereide.

Monsen seier avslutningsvis at konseptet «Sterkare saman» vil halde fram. Det treng ikkje berre vera snakk om lokale verksemder som støttar opp om kvarandre:

– I framtida kan det til dømes handla om å gje russen ekstra bagasje med seg når dei skal ut i yrkeslivet. Om alle står i lag, og alle gir litt, så får du meir musklar. Dette har eg veldig tru på.

Under får du ein liten smakebit frå øvinga på dansen, som du altså kan sjå i sin heilskap fredag kveld.

Russen varmar opp for Heine: Sporty russ stilte opp på kort varsel for Saman er me sterke. Foto: Håvard Hammarstrøm