Desse keramikkskålene og anna kunsthandverk kan du sjå i Tollhagekjellaren i helga. Anne Bente Totland er kunstnaren bak.
Desse keramikkskålene og anna kunsthandverk kan du sjå i Tollhagekjellaren i helga. Anne Bente Totland er kunstnaren bak. Foto: Bømlo kunstlag

Sjå kunst og gå på kafé

Medan vikingane herjar i Moster amfi kan du ta ei fredeleg vandring i Tollhagekjellaren. I dei stemningsfulle lokala finn du Anne Bente Totland sin keramikk. Og i hagen og stovene er det kafé.

Bømlo kunstlag står bak utstillinga som er open fredag, laurdag og søndag. Du kan sjølvsagt få med deg både utstilling og «I slik ei natt» i amfiet og me vil anbefala deg ein tur i kafeen i Tollhagen også, skriv Bømlo kunstlag i ei pressemelding før pinsen. På kafeen i Tollhagen finn du ein rikhaldig meny og mellom anna kaker der oppskrifta kjem frå det historierike gamle huset.

Keramikken i kjellaren er signert Anne Bente Totland, og ho fortel om arbeida sine at dei er inspirerte av livet i havet.

– Sjølivet har eg vore sterkt knytt til sidan barndommen, og eg føler at det er ei utømeleg inspirasjonskjelde. Eg trur aldri at eg blir ferdig med å skildra former som kan stamma frå dette riket, seier ho mellom anna.

I arbeidet hennar har ho alltid jobba i seriar, med formlike element. Ho likar, ifølgje pressemeldinga, også at gjenstandane formar grupper og skapar eigne former i mellomromma.

Skålene ho stiller ut i Tollhagekjellaren har ho jobba med det siste året. Dei er handbygde i steingodsleire, og glaserte og brende ved 1240 grader i elektrisk omn.

Totland er fødd og bur i Bergen, og der har ho verkstaden sin. Ho har utdanninga si m.a. frå Statens Høgskole for Kunsthåndverk og Design. Ho har hatt fleire separatutstillingar, delteke ved ei rekke kollektivutstillingar og er m.a. innkjøpt av Vestlandske Kunstindustrimuseum, Kunstindustrimuseet i Oslo og Norsk Kulturråd, heiter det til slutt i meldinga frå Bømlo kunstlag.

randi.olsen@bomlo-nytt.no